19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

266 Skrifter i Samling II

um me endaa ikkje skyna det; og det er ein Ting,

som me alltid kunna røyna, at di større Kunnskap

me faa um Skapningen, di større Samhøve finna me

i det heile, og di fleire Merke sjaa me paa den

uransakelege Visdomen, som heve sett heile det store

Verket i Gang. Dermed kunna me daa lata oss nøgja,

og so skulde me elles vera glade ved, at Skaparen

heve gjevet oss Vit og Skyn til aa hugnast ved all

den Rikdom og Storleike og Vænleike, som viser

seg fyre oss i det store Skaparverket.

VI. UM MENNESKJA.

I Samanheng med ei Umsyn i den livande Skapningen

paa Jordi koma me sidstpaa til aa hugsa paa

vaar eigi Ætt: Mannen elder Menneskja. (Etter gamalt

Bruk taka me stundom baade desse Ordi i same Tyding).

I Likams Skapnad er Mannen innreidd som

eit Dyr; og difyre er det ogso ymse Kunnskapsmenner,

som rekna honom saman med Spendyrom

og setja honom næst ved Aporna, av di at det er

det Slaget, som svipar mest paa Mannskapnaden.

Ved fyrste Augsyni er det no ein Eigenskap ved

Mannen, at han gjeng med Bulen beint uppreist,

elder «stend paa den eine Enden», som me segja,

og i det Laget er han mest lik Fuglom; men i andre

Maatar heve han den same Innreiden som Spendyri,

og difyre er det og so, at det er desse Dyri, som

me skyna best, og det er ogso dei, som skyna oss

best, so at endaa sume av deim kunna venja seg til

aa lyda oss og halda seg til vaar Heimstad. I ymse

Høve kunna Dyri berga seg lettare en Mannen; dei

hava sterkare Hud med full Haarvokster; dei hava

gløgg Syn og Høyrsla, og mange av deim era riklege

utreidde med Styrke og med gode Verjor, medan

Mannen berre heve Henderna til aa hjelpa seg med.

Men so heve han daa den Fyremunen, at Henderna

hans era so vel lagade, at han dermed kann gjera

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!