19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Skrifter i Samling II

og Veidehorn, og mange hava ogso Vengjor og

kunna fljuga so lett som ein Fugl. Elles hava dei

ymisleg Skapnad og skilja seg i ovlege mange Slag;

men dei fleste av deim era berre smaae Dyr og difyre

litet tilgaadde. Den fyrste og største Avdeildi

kann heita Skordyr (Insekt); dei hava tvo Ringskoror,

som deila Bulen i tri Lekkjer: ein Framlekk (Hovud),

ein Midlekk (Brjost) og ein Baklekk, som jamnaste

er lengre en dei andre. Dertil hava dei seks Føter,

tvau Veidehorn og oftaste eitt elder tvau Par Vengjor.

Til denne Avdeildi høyra slike som: Skurk (elder

Skarptroll), Smellar, Tordivel, Gullsmid, Sirissa, Engspretta,

Styng (Øyrestyng), Fivrelde, Maur, Kvefs,

Humla, Myhanke, My, Fluga, Klegg, Brims, Veggjelus,

Loppa og mange fleire. – Ei onnor Avdeild er

Krabbedyri (elder Rækjorna) med ein stor Framlekk,

som er baade Hovud og Brjost, og med liten Baklekk;

dei hava tie Føter og stundom fleire, eitt elder

tvau Par Veidehorn og Skal yver heile Bulen. Det

er mest berre Sjodyr, som Hummar, Krabbe, Rækja,

Marflo og fleire. – Ei tridje Avdeild kann heita

Runddyr elder Flaattar; det er nokre, som hava liten

Framlekk og stor Baklekk og jamnaste aatte Føter.

Dertil høyrer Kongurvaava (elder Vevkjerring) og

Flaatt og nokre Slag, som me kalla Mott elder Mit.

Med Skordyrom er det ein merkjeleg Tilgang, at

dei fleste av deim faa ein Umskapnad, fyrr en dei

koma til sitt fulle Skap. Mange av dei smaae krjupande

Dyr, som me kalla Makk elder Aama, er ikkje

annat en Ungar, som ikkje endaa hava fenget sin

rette Tilbunad; og den sidste Skapnaden kann stundom

vera myket ulik den fyrste, so som naar Molduksen

verd til Tordivel, Kjølmakken til Smellar, Kaalmakken

til Fivrelde, Kjøtmakken til Fluga, og det,

som me kalla Vere, verd ein Brims elder Klegg.

Denne Umskapnaden gjeng fyre seg nokot løynlegt

i ei Gøymsla elder Innsveiping; og difyre er det

263

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!