19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Skrifter i Samling II

mest av Gras, og av desse Dyrom er det nokre

Slag, som Menneskja alt ifraa dei eldste Tider heve

tamt og fostrat og haldet som ein serskild Eigedom.

Den andre Deildi av Dyreriket er Fuglarne, som

ogso hava tvau Par Utlimer likasom Spendyri, men

det fremste Paret er Vengjor. Dei hava Fjøder i

Staden fyre Haar og øksla seg med Egg, som turva

Bræding elder Verming, fyrr en Ungarne koma fram.

Dei skilja seg i fleire Avdeilder, som me her skulo

nemna paa det snøggaste. 1) Ræfuglar, som era dei

sterkaste og djervaste; det er slike som Falk, Hauk,

Ørn (elder Are), Fiskegjod, Bergul, Kattula. 2) Skogfuglar

er slike som: Ramn, Kraaka, Skjor, Skrikja,

Gauk, Spetta; Stare, Trast, Lerka, Steintit, Svola,

Erla, Meis, Gulskur, Sporv og fleire. 3) Hønsfuglar

er slike som: Hane (Kalkun, Paafugl og fl.); Tidur,

Orre, Jarpe, Rjupa, Duva. 4) Vadfuglar (Strandfugl)

er slike som Heidlo, Vipa, Tjeld, Trana, Hegre, Spue,

Stelk (elder Graatjeld), Strandtita, Rugda, Humregauk,

Myrsnipa, Aakerriksa. 3) Sumfuglar (Sjofugl) med

serleg Skapnad i Fotom (Sumfot elder Sveiv); det er

slike som Terna, Maase, Kive; Svana, Gaas, And,

Æd, Havsula, Skarv, Imbre, Lom, Langve, Teiste,

Lunde, Alka og fleire.

Nokre Fugleslag, som Gjæser og fleire, flytja fraa

oss um Hausten til eit varmare Land, men um Vaaren

koma dei atter og fostra Ungarne sine i dei

nørdste Landsbolkom.

Til den tridje Deildi, som er kallad Snauddyr

elder Krjupdyr (Reptilier), rekna me nokre krjupande

elder laagføtte Dyr utan Haarvokster og utan Varme,

sume med fjore Føter og sume fotlause. Dertil høyrer:

1) Skjelpadda, som heve heilt Skal kringum

Bulen og held seg mest i den varme Jordbolken.

2) Ødlor elder Fjorføtlor, som hjaa oss era smaae

meinlause Dyr, men i Sudlandom ymse store og

faarlege Slag, som Krokodilen og fleire. 3) Froskar

261

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!