19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Skrifter i Samling II

heve Mjølk i Spenom, og at ho skal hjelpa Ungen

til aa søkja Spenarne og suga. Ei Fuglemoder byggjer

seg fyrst eit Reid, og naar Eggi era vorpne, so

vermer og bræder ho deim, til at Ungarne koma or,

og sidan hentar ho Mat aat Ungom, til dess dei era

fløygde og kunna mata seg sjølve. Stundom er det

no so, at Maken til Moderi er med og hjelper til;

men elles er det vel det jamnaste, at Moderi er aaleine

um Uppfostringi.

Etter den ymislege Skapnad og Bunad deiler Livskapningen

seg i mange Deilder elder Hopar; men

til aa taka alt paa snøggaste Maaten kunna me

berre nemna seks Hovuddeilder, som era: Spendyr,

Fuglar, Snauddyr (elder Krjupdyr), Fiskar, Liddyr

og Blautdyr. Dei fjore fyrste Deilderna hava Rygg

elder Beingrind innantil; dei tvo sidste hava berre

Segar elder Strengjer i Staden fyre Bein og elles

mange ulike Skap, so at dei skilja seg i mange fleire

Avdeilder; men største Mengdi av deim er berre

smaae Dyr, og sume Slagi era endaa namnlause og

litet kjende. Den gildaste Tilbunad til Flutning og

Rørsla hava Fuglarne, og ymse Fugleslag kunna

endaa gjera visse aarlege Langferder, so at dei

trøyta Sumaren i den eine Jordbolken og Vetteren i

den andre. Spendyr og Fuglar hava varmt Blod og

jamnaste ein god Mun av Varme i Bulen; Snauddyr

og Fiskar hava ogso Blod, men utan nokon eigenleg

Varme.

Den fyrste Deildi er kallad Spendyr elder Sugdyr,

av di at Moderdyret heve Spenar, som dei nyborne

Ungarne kunna suga. Dei fleste Slag hava tvau Par

Ganglimer elder Føter, og dei fleste hava ogso ein

tett Haarvokster paa Hudi. Etter Skapnaden paa Utlimom

kunna me snøggaste skilja deim i fem Avdeilder:

– 1) Klodyr, det er slike som: Katt, Gaupa,

Jarv, Røysekatt, Mord, Oter, Svintoks (elder Grævling),

Bjørn, Ulv, Hund, Rev og Melrakke; Rotta,

259

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!