19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

258 Skrifter i Samling II

um alt det, som det treng til aa vita. Og dermed

fylgjer daa og ein Givnad til aa vita sine Livskrav,

so som aa finna seg høveleg Heimstad og søkja si

rette Føda og elles vakta og verja seg fyre all den

Faare, som til kann koma.

Elles er det no myken Skilnad baade i Bul og

Limer imillom dei ymise Livskapninger. Sume era

berre lagade til aa ganga paa Landjordi, sume til aa

fljuga i Lufti og sume til aa sviva i Vatnet. Nokre

Slag kunna baade ganga og fljuga, og nokre kunna

fljuga og symja lika godt; men so er der andre Slag,

som ikkje kunna liva utan i Vatnet. Og lika som

der er Skilnad paa Limer og Utreiding, so er der

og Skilnad paa Hug elder Vilje; og alltid sjaa me,

at Viljen høver til Utreidingi, so at det, som Dyret

heve beste Reidskapen til, det heve det ogso største

Hugen til. Eit Dyr, som kann kliva, vil halda seg

til Skogen; ein Fugl, som kann symja, vil halda seg

til Vatnet; eit Dyr, som er skapat til Grasfodring, vil

halda seg til Grasmarki og ikkje traatta etter annat

Foder. Og alltid er der no nokot tillagat til Fodring

aat kvart Dyrslag, so lenge som det fær liva fritt

og halda seg der, som beste Bergningi er aa finna.

Etter den vanlegaste Skipnad i Dyreriket er det

so lagat, at kvar Kynd heve tvau Kynskap, som er

Han-slag og Ho-slag, og at kvart Dyr, som skal

øksla seg elder faa Avkjøme, maa hava ein Make

med seg. Ho-slaget er det, som yngjer elder føder,

og jamnaste ogso det, som fostrar Ungarne, til dess

dei berga seg sjølve. I nokre Dyrslag er Fostret

myket veikt og hjelpelaust, daa det kjem til Verdi;

i andre Slag kjem det fram utan Liv, med di det

ligg løynt i eit Egg og ikkje eingong heve minste

Teikn til, kvat Skapnad det skal faa. Men naar Avkjømet

soleides treng Hjelp til si Framkoma, heve

Moderi ogso ein serleg Givnad til aa hjelpa det

fram. Ei Moder av Spendyr-Slaget vil vita, at ho

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!