19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Skrifter i Samling II

c) Dyreriket.

I den livande Skapningen er der nokot likt som i

Voksterriket: der er mange ymislege Slag elder Kynder

med kvar sin Skapnad og dertil ogso ei Sjølvfodring

og ein Aldersmun med Uppvokster og Nedfall,

som fyrr er umtalat; men so kjem her og nokot

nytt og stort attaat, og det er Livet med all den

Innreide, som dertil høyrer. Denne Livreiden er nokot

av det mest forvitnelege, som me sjaa kring um oss

i det store Skaparverket. Det er eit undarlege mangfeldt

Gangverk av samlagade Smaadeilder, som gjera

kvar si Tenesta til same Fyremaal; innantil er det

sjølvverkande Reidskapar, som ikkje trenga til nokon

Vilje, og utantil er det Limer, som Skapningen sjølv

kannt røra og føra etter sin eigen Vilje, og som era

so vel samlagade med Viljen, at dei gjera sitt Verk

i same Augneblinken, som Viljen segjer til.

Taka me oss eit Dyr til Merke av dei Slag, som

me kjenna best, so er det fyre det fyrste ein Bul

(elder Kropp) med Beingrind innantil og med ein

mjukare Umbunad av Kjøt og Hud; men so vita me

og, at der inne i Bulen er ei Umstrøyming av Blod,

som heve sin Midstad i Hjartat, og som elles greinar

seg ut i smaae og store Aadrar i heile Bulen; og dertil

vita me og, at der næst ved Hjartat er ein Belg,

som dreg Luft igjenom Strupen elder som fører Vinden

inn og ut i ei æveleg Rørsla, so at det alltid

kjem ny Luft inn i Bringa. Dernæst er Bulen tilbudd

med Innreide til Sjølvfodring, og det er ikkje berre

Munn og Mage, men ogso ein grannare og løynlegare

Innbunad til aa draga Kraft av Fodret og leida Krafti

ut i Blodet og Limerne. Dernæst heve Bulen sine

Reidskapar til Sjølvflutning og Rørsla, det er Føter

elder Vengjor elder andre Utlimer, etter som Dyret

skal ferdast paa Landet elder i Vatnet. So er der ein

overslege grannlagad Innreide til Syn og Høyrsla og

Kjensla, so at Dyret kann hava Gaaning og Vitende

257

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!