Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

aasentunet.no
from aasentunet.no More from this publisher
19.11.2012 Views

256 Skrifter i Samling II Alvnæver, Steinblik og Korke. 4) Tangslag(Sjovokster): Steinsleipa, Martaum, Tare, Søl, Tang (Boletang). 5) Soppar: Bladsopp, Busopp, Knyska, Mjølauke, Mygla. Til Sopp og Mygla høyra elles ymse Slag, som visa seg berre som eit Hy elder Musk og era so grannlagde, at ein ikkje ser deim til Fullnad med berre Augom. Men naar me soleides hava nemnt nokre Slag av kvar Hop, so er alt dette berre ein liten Part av det store Voksterriket; for dei einskilde Kynderna era ovlege mange, og ei stor Mengd av deim er framand fyre vaart Land. Og so er det her som andre Stader, at dei smaae elder smæste Voksterslagi era litet tilgaadde og litet kjende, so at me ikkje hava nokre heimlege Namn paa deim. Men i Skapningen kann det smaae vera lika so merkjelegt som det store, og til Prov derpaa vilja me berre nemna den undringsverdige Skirleike og Grannleike, som jamnaste viser seg i Blad og Blom og i dei minste Straa, med di at all Innreide er so fin og ørsmaa, at ein ser ikkje alle Smaadeilderna, utan ein heve Kikarglas til Hjelp, so ein dermed kann faa deim til aa hildra og skrøyva seg upp, so dei verda synlege fyre Augom. Og tilsidst vilja me ogso nemna den store Rikdomen av Frukt og Fræ, som viser seg paa so mange Urter og endaa paa ymse Treslag, med di at Aarsfræet kann vera so riklege tillagat, at um alt skulde koma til Uppvokster, so vilde der verda ein stor Skog av eit einaste Tre. Vistnog sjaa me, at største Parten gjeng til Spilles, anten av di at det ikkje kjem i Jordi, elder og at det ikkje fær Rom til aa veksa i; men um det no ikkje verd just det, som det er skapat til, so kjem det endaa til ymist Bruk i Skapningen, so som til Føda fyre Fugl og annat Livende. For den eine Deildi i Skapningen heng saman med den andre; Vokstren fodrar seg av Jordtorva elder Steinriket, og Livskapningen fodrar seg so halvveges av Voksterriket.

Skrifter i Samling II c) Dyreriket. I den livande Skapningen er der nokot likt som i Voksterriket: der er mange ymislege Slag elder Kynder med kvar sin Skapnad og dertil ogso ei Sjølvfodring og ein Aldersmun med Uppvokster og Nedfall, som fyrr er umtalat; men so kjem her og nokot nytt og stort attaat, og det er Livet med all den Innreide, som dertil høyrer. Denne Livreiden er nokot av det mest forvitnelege, som me sjaa kring um oss i det store Skaparverket. Det er eit undarlege mangfeldt Gangverk av samlagade Smaadeilder, som gjera kvar si Tenesta til same Fyremaal; innantil er det sjølvverkande Reidskapar, som ikkje trenga til nokon Vilje, og utantil er det Limer, som Skapningen sjølv kannt røra og føra etter sin eigen Vilje, og som era so vel samlagade med Viljen, at dei gjera sitt Verk i same Augneblinken, som Viljen segjer til. Taka me oss eit Dyr til Merke av dei Slag, som me kjenna best, so er det fyre det fyrste ein Bul (elder Kropp) med Beingrind innantil og med ein mjukare Umbunad av Kjøt og Hud; men so vita me og, at der inne i Bulen er ei Umstrøyming av Blod, som heve sin Midstad i Hjartat, og som elles greinar seg ut i smaae og store Aadrar i heile Bulen; og dertil vita me og, at der næst ved Hjartat er ein Belg, som dreg Luft igjenom Strupen elder som fører Vinden inn og ut i ei æveleg Rørsla, so at det alltid kjem ny Luft inn i Bringa. Dernæst er Bulen tilbudd med Innreide til Sjølvfodring, og det er ikkje berre Munn og Mage, men ogso ein grannare og løynlegare Innbunad til aa draga Kraft av Fodret og leida Krafti ut i Blodet og Limerne. Dernæst heve Bulen sine Reidskapar til Sjølvflutning og Rørsla, det er Føter elder Vengjor elder andre Utlimer, etter som Dyret skal ferdast paa Landet elder i Vatnet. So er der ein overslege grannlagad Innreide til Syn og Høyrsla og Kjensla, so at Dyret kann hava Gaaning og Vitende 257

256 Skrifter i Samling II

Alvnæver, Steinblik og Korke. 4) Tangslag(Sjovokster):

Steinsleipa, Martaum, Tare, Søl, Tang (Boletang).

5) Soppar: Bladsopp, Busopp, Knyska, Mjølauke,

Mygla. Til Sopp og Mygla høyra elles ymse

Slag, som visa seg berre som eit Hy elder Musk og

era so grannlagde, at ein ikkje ser deim til Fullnad

med berre Augom.

Men naar me soleides hava nemnt nokre Slag av

kvar Hop, so er alt dette berre ein liten Part av det

store Voksterriket; for dei einskilde Kynderna era ovlege

mange, og ei stor Mengd av deim er framand

fyre vaart Land. Og so er det her som andre Stader,

at dei smaae elder smæste Voksterslagi era litet tilgaadde

og litet kjende, so at me ikkje hava nokre

heimlege Namn paa deim. Men i Skapningen kann

det smaae vera lika so merkjelegt som det store, og

til Prov derpaa vilja me berre nemna den undringsverdige

Skirleike og Grannleike, som jamnaste viser

seg i Blad og Blom og i dei minste Straa, med di

at all Innreide er so fin og ørsmaa, at ein ser ikkje

alle Smaadeilderna, utan ein heve Kikarglas til Hjelp,

so ein dermed kann faa deim til aa hildra og skrøyva

seg upp, so dei verda synlege fyre Augom. Og tilsidst

vilja me ogso nemna den store Rikdomen av

Frukt og Fræ, som viser seg paa so mange Urter

og endaa paa ymse Treslag, med di at Aarsfræet

kann vera so riklege tillagat, at um alt skulde koma

til Uppvokster, so vilde der verda ein stor Skog av

eit einaste Tre. Vistnog sjaa me, at største Parten

gjeng til Spilles, anten av di at det ikkje kjem i

Jordi, elder og at det ikkje fær Rom til aa veksa i;

men um det no ikkje verd just det, som det er skapat

til, so kjem det endaa til ymist Bruk i Skapningen,

so som til Føda fyre Fugl og annat Livende. For den

eine Deildi i Skapningen heng saman med den andre;

Vokstren fodrar seg av Jordtorva elder Steinriket, og

Livskapningen fodrar seg so halvveges av Voksterriket.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!