19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Skrifter i Samling II

um Hausten, men Roti stend frisk og skyt nye Renningar

um Vaaren. Nokre Slag era so «viljuge» til

aa veksa, at naar ein heve eit Stykke av Roti elder

endaa berre ein Kvist til aa setja i Jordi, so kjem

der ein ny Vokster av det. Men elles er det dei fleste

Slagi, som øksla seg berre med Fræ elder Frukt, som

jamnaste veks ut av Toppen elder Greinom, anten

som Bær elder Neter elder Smaakorn, stundom med

ein liten Dusk av Dun elder med ein liten Veng

elder Skjaa kring um seg. Som Fyrebod elder Merke

fyre Fræet kjem der fyrst ein Tilvokster, som me

kalla Blom, og som ofta heve ein bjart og prydeleg

Lit og dertil ogso ei merkjeleg Innreiding. Paa nokre

Voksterslag (som Selja) kann den eine Stuven hava

bjartare Blomar med ei fin Mjølduft, som snart folnar

og fell av; men den andre Stuven heve døkkare

Blomar, som verda standande og skapa seg um til

Fræ; daa kann ein segja, at den eine Stuven er Han

(elder Faderstuv), og den andre er Ho (elder Moderstuv).

Paa andre Slag (som Bjørk, Hasl og Storrgras)

er der ein Kumar elder Knupp med berre Hanblom

(Mjøltraadar) og ein annan med berre Ho-blom

(Frævisar) paa same Stuven; men paa dei fleste Voksterslagi

er der Han og Ho i same Blomen, so at

Frævisarne standa i Midten, og Mjøltraadarne standa

utan i Kring. Det verd so uttydt, at den fine Dufti

i Mjøltraadom er det fyrste Emne til eit nytt Fræ,

og at Frævisarne hava ei løynleg Kraft til aa draga

denne Dufti aat seg og dermed fræva seg sjølve.

Etter dei ymse Tilhøve med Blomen og Blømingi

heve Voksterriket voret avdeilt i visse Hopar elder

Rader til ei lettare Yversyn. Den vidkjende svenske

Kunnskapsmannen Linnæus (elder Linné) deilte Voksterkynderna

i 24 Hopar etter Blomskapet, og daa

der er nokre Voksterslag, som ikkje hava nokon synleg

Blom, so sette han desse i den sidste Hopen og

gav deim eit Namn, som tyder løynmakade elder

253

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!