19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

252 Skrifter i Samling II

til nye Vokstrar av same Slag. Men i denne Framvokstren

er det elles myken Skilnad; for sume av

deim standa berre ein Sumar til Ende, med di dei

renna upp um Vaaren og visna burt um Hausten, so

at det verd ein ny Uppvokster fyre kvart Aar; andre

derimot veksa seint upp og verda standande i mange

Aar, so at dei berre faa ein liten Tilvokster fyre

kvar Sumar og derimot standa i Kvild um Vetteren.

Nokre av deim faa til kvar Sumar ein Tilvokster med

Lauv, men sleppa det av seg um Hausten og standa

sidan snaude, til at Vaaren kjem atter.

Dei langstøduge Vokstrarne hava ein traust og heilvaksen

Stuv, som veks nokot smaatt fyre kvart Aar,

med di at Toppen fær eit litet Tilskot i Høgdi, og

Stuven legg paa seg ei Flo med Save, som sidan

hardnar og skapar seg til Vid, so at det verd ein

ny Ring elder Gaare under Borken fyre kvar Vaar,

som ein kann sjaa i Hogget paa Fura og ymse

andre Treslag. Dei snarvaksne Voksterslagi hava derimot

ein mjuk Stylk, som stundom endaa er innhol

og myket tunn, men som lika fullt kann bera kraftige

Frukter, som me til eit Merke kunna sjaa paa dei

Grasslagi, som me kalla Korn. For baade dei smaae

og dei store Voksterkynder era fulle med fine Røyrer

elder Aadrar, som føra Saft ifraa Jordi elder fraa Luft

og Væta, og som løypa denne Safti ut igjenom heile

Vokstren. So lenge som detta Saftlaupet heve sin

fulle Gang, so stend Vokstren heil og frisk; men

naar det eingong stadnar anten av Alder elder annat

Avbrot, so visnar Vokstren og morknar burt som

annat Avfall. I denne Tilgangen med Uppvokster og

Nedfall er der nokot likt med Livet i Dyreriket, og

difyre verd det stundom ogso talat um eit Voksterliv;

men det synest no ikkje aa vera høvelegt helder, for

me kalla det ikkje nokot Liv, naar der korkje er

Rørsla elder Vit elder Vilje med det.

Paa nokre Voksterslag fell Toppen og Stuven burt

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!