19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Skrifter i Samling II

fleire Floer, og paa sume Stader kann det vera

mange Floer fraa Grunnen og upp til Jordtorva; paa

andre Stader kann Grunnberget ganga heilt upp i

Jordflata og endaa stiga i Høgdi som store Fjell.

Paa sume Stader kann eit Bergslag vera fullt av

Smaafloer elder Millomfloer av eit annat Grjot, som

me kunna sjaa i ymse Bergbrot, som hava heile

Rader av slike Millomfloer, so at dei visa seg mest

som Gaarar i Tre elder som Render i ein Vev. Ofta

høver det og so til, at desse Gaararne halla upp og

ned, so det er mest aa sjaa til, som um Berget

hadde eingong voret blautt og bøygt seg upp og

ned, som Baaror paa ein Sjo, og so sidan storknat

i Hop og hardnat til. Og der er ogso fleire Likinde

til, at det eingong heve voret store Umskjeplingar i

Jordi, fyrr en ho fekk sitt fullkomne Skap; men kor

det elles heve gjenget til, er vandt aa vita. Derimot

er der ymse Umskifte i det øvste Jordlaget, som era

lettare aa skyna, so som at Jord og Stein heve siget

lenger ned ifraa Bergom, at Vatnet heve gravet seg

djupare Rennor, og at Øyrarne elder Grandarne i

Elvosom hava lagt seg lenger ut og vakset til av

Sand og Gyrma, som Elvarne føra med seg. Slike

Tiljamningar paa Jordi kunna ganga fyre seg endaa;

men dei ganga so seint og smaatt, at me ikkje merka

nokot stort til deim.

b) Voksterriket.

I den veksande Skapningen sjaa me ein heilt annan

Skipnad en i Steinriket, med di at dei ymise Slag

elder Kynder ikkje liggja samanmengde i ujamne

Hopar, men derimot standa frie og serskilde kvar

med sin sereigne Skapnad. Dei hava Innreide til aa

draga Safter av Grunnen, som dei standa paa, og

til aa laga elder tilverka desse Safterna paa kvar sin

eigen Maate. Dei renna upp av eit litet Fræ og

veksa til eit visst Maal, og sidan bera dei sjølve Fræ

251

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!