Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

aasentunet.no
from aasentunet.no More from this publisher
19.11.2012 Views

246 Skrifter i Samling II paa Nordsida og Raudehavet paa Sudsida. Detta Eidet er no i dei sidste Aar gjenomgravet, so at der no er eit Farvatn elder ein Sundveg (Kanal) fyre dei Skipom, som fara til India og andre Land paa Austerleidi. Næst ved detta Eidet ligg det gamle Ægypten, som alltid heve voret eit vidgjetet Land. Amerika ligg serskilt fyre seg sjølv imillom Vesterhavet og Stillehavet. Det heve ei stor Lengd i Nord og Sud, so at det rekk alt til Ishavet paa Nordsida og langt inn i den halvvarme Bolken paa Sudsida. Det er ogso nokot breidt baade i Nord og Sud, men i Midbolken er det so mjaatt og smalt, at det paa ein Stad, som heiter Panama-Eidet, er berre nokre faae Miler fraa det eine Havet til det andre. Dermed deiler Landet seg i tvo store Halvdeilder: Nord- Amerika og Sud-Amerika. Dei største Riki era «dei sambundne Statarne» i Nordamerika og Keisardømet Brasilia i Sudamerika. I nørdste Enden bøygjer Landet myket mot Vest, so at der er berre eit Sund (Behrings-Strætet) imillom Amerika og Asia. Nordanfyre Fastlandet er der nokre Øyar og Landskagar, som høyra til Ishavslandi; dertil høyrer ogso Grønland, som ligg langt imot Aust. Imillom Fastlandet og Ishavslandi er der store Sund; men dei era ikkje farande fyre Is og Frost. Australia, som er den femte Jorddeildi, ligg i Sudhavet sunnanfyre Asia, nokot i det sydre halvvarme Jordbelte og nokot i sjølve Varmebeltet. Hovudlandet er eit stort Land, som er kallat Ny-Holland, og alt det andre er Øyar, som liggja vidt og breidt i Kring i Sudhavet. Innlandet i Nyholland er litet kjent, av di at det er nokot ukjømt og mødesamt aa fara igjenom. I dei fyrre Tider var det ingi Sjoferd til slike fjerrliggjande Land som Amerika og Australia, og difyre var desse Jorddeilderna ukjende fyre Folket i Gamleheimen. Daa dei spanske Sjomennerne i Aaret 1492

hadde funnet Øyarne austanfyre Amerika, trudde Folk, at desse Øyarne høyrde til India, og difyre vardt det Landet kallat Vest-India. Men etter den Tid var det mange, som foro vidare i Kring paa Havet, og daa vordo Øyarne i Sudhavet ogso uppdagade. Og baade i Amerika og Australia var der Folk fyrr, daa Sjomennerne fraa Europa komo der. Kor detta Folket hadde komet der, er vandt aa vita; men ventelege maa deira Forfeder eingong i Forntidi hava komet fraa Asia. V. UM SKAPNINGEN PAA JORDI. Dei mange Slag elder Kynder av skapade Ting paa Jordi skilja seg i tri store Deilder elder sokallade Rike, som er Steinriket, Voksterriket og Dyreriket. I den fyrste Deildi er slike Skapkynder, som korkje hava Vokster elder Liv elder nokot Slags Innreide og difyre kunna heita reidelause elder uvoksterlege 1 Skapningar. I andre Deildi er slike Kynder, som hava Innreide til aa draga Safter i seg og tilverka Safterna, so at dei kunna veksa og halda sin Vokster i kvar sin eigen Skapnad og Storleike. I tridje Deildi er ogso Skapningar, som veksa og fodra seg, men som dertil og hava Innreide til fullkomet Liv med Rørsla og Nørsla etter sin eigen Vilje. Dei tvo sidste Deilderna hava det Laget saman, at Einingarne (elder dei einlege Skapningar) koma til fraa eit litet Upphav og veksa til ein viss Alder og sidan kunna øksla seg sjølve med nytt Elde av sitt eiget Slag, so at Ætti stend uppe, um Einingen 2 fell ifraa. I fyrste Deildi er ikkje nokre slike Skifte, som kunna vekkja so stor Forvitna; men lika fullt er no denne Deildi som eit Grunnlag fyre dei andre, og difyre synest det vera høvelegt her som annanstad aa nemna 1 uorganiske. 2 Individet. Skrifter i Samling II 247

hadde funnet Øyarne austanfyre Amerika, trudde

Folk, at desse Øyarne høyrde til India, og difyre

vardt det Landet kallat Vest-India. Men etter den Tid

var det mange, som foro vidare i Kring paa Havet,

og daa vordo Øyarne i Sudhavet ogso uppdagade.

Og baade i Amerika og Australia var der Folk fyrr,

daa Sjomennerne fraa Europa komo der. Kor detta

Folket hadde komet der, er vandt aa vita; men

ventelege maa deira Forfeder eingong i Forntidi

hava komet fraa Asia.

V. UM SKAPNINGEN PAA JORDI.

Dei mange Slag elder Kynder av skapade Ting

paa Jordi skilja seg i tri store Deilder elder sokallade

Rike, som er Steinriket, Voksterriket og Dyreriket.

I den fyrste Deildi er slike Skapkynder, som korkje

hava Vokster elder Liv elder nokot Slags Innreide

og difyre kunna heita reidelause elder uvoksterlege 1

Skapningar. I andre Deildi er slike Kynder, som

hava Innreide til aa draga Safter i seg og tilverka

Safterna, so at dei kunna veksa og halda sin Vokster

i kvar sin eigen Skapnad og Storleike. I tridje Deildi

er ogso Skapningar, som veksa og fodra seg, men

som dertil og hava Innreide til fullkomet Liv med

Rørsla og Nørsla etter sin eigen Vilje. Dei tvo sidste

Deilderna hava det Laget saman, at Einingarne (elder

dei einlege Skapningar) koma til fraa eit litet Upphav

og veksa til ein viss Alder og sidan kunna

øksla seg sjølve med nytt Elde av sitt eiget Slag,

so at Ætti stend uppe, um Einingen 2 fell ifraa. I

fyrste Deildi er ikkje nokre slike Skifte, som kunna

vekkja so stor Forvitna; men lika fullt er no denne

Deildi som eit Grunnlag fyre dei andre, og difyre

synest det vera høvelegt her som annanstad aa nemna

1 uorganiske.

2 Individet.

Skrifter i Samling II

247

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!