19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

238 Skrifter i Samling II

millom Sol og Jord, at han halvt elder heilt kann

skyla Soli fyre oss, med di at Jordi daa kjem inn i

Skuggen av Maanen. Det er det Tilfelle, som dei

kalla ei Formyrkning. Eit annat Tilfelle er det, at

Jordi kann koma beint i Striket millom Sol og Maane,

so at Skuggen av Jordi kjem inn paa Maanen; daa

er det so aa sjaa til, som det var ei rund Skiva,

som kom sigande inn yver Maanen; og det er ogso

eit Merke paa, at Jordi er rund. Desse Formyrkningar

hava sine visse Tider, so at kunnige Folk vita

grant, kvat Dag og Time dei skula koma; og dei

kunna endaa rekna det ut fyre mange Aar fram

igjenom Tidi. Slik ein jamn og stødug Gang hava

desse Klotarne paa sin avstakade Veg i den store

Himmelrømdi.

Dei andre Klotarne, som me sjaa i Himmelromet,

kalla me allesaman Stjernor; men det er upplyst, at

nokre av deim era myrke Klotar, som berre lysa

med eit Atterskin fraa Soli og ganga kringum Soli

lika eins som Jordi. Dei era kallade «Planetor», det

er Flutningsstjernor, av di at dei flytja seg fraa den

eine Himmelbolken til den andre. Tvo av deim

standa imillom Soli og Jordi (som fyrr er nemnt); det

er «Merkur» næst Soli og «Venus» næst Jordi. Paa

andre Sida av Jordi er fyrst «Mars» og so ein Flokk

av Smaaklotar, som era litet kunnige; deretter kjem

der fjore store Klotar (Jupiter, Saturnus, Uranus og

Neptunus), som kvar fyre seg heve eit litet Fylgje

av Maanar kringum seg. Nokre av Planetom era so

ljose, at ein ser deim godt med berre Augom, og

tvo av deim (som er Venus og Jupiter) hava endaa

so bjart eit Skin, at dei stundom visa seg som dei

største av alle Stjernor. Naar me no tenkja oss, at

Jordi sjølv i langt Fraastand maa visa seg som ei

Stjerna, so kunna me ogso tenkja, at vaar Jord er

sjølv ei Planeta, som stend i tridje Staden fraa Soli,

midt imillom Venus og Mars; og so faa me det ut,

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!