Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

aasentunet.no
from aasentunet.no More from this publisher
19.11.2012 Views

234 Skrifter i Samling II og i Skuggen elder paa Nattsida verd han alltid minst. No er det aa merka, at detta Umsvivet gjeng alltid i same Stemna (fraa Vest mot Aust), og at der er tvo Flator elder Rundingar, som alltid halla nokot burt fraa Soli og aldri venda beint imot henne. Det er dei Rundingarne, som dei kalla Polar (Nordpolen og Sudpolen). Paa ei Kula, som snur seg rundt, er det alltid ein Prikk paa kvar Sida, som ikkje snur seg; lika eins paa eit Nysta, som heng i ein Traad, so at alle Sidorna kunna sviva i Ring: den øvste og den nedste Toppen kjem so midt i Ringen, at han ikkje kann sviva. So er det med Jordkloten og: dei tvo Polarne standa paa sin visse Stad, medan heile Umkverven snur seg kringum deim, og det heile Umsvivet gjeng so stødt og trygt, som um Jordi hadde ein Aas elder Nagle til aa snu seg paa; difyre verd det ogso talat um Jord-aasen (elder Axen), endaa der er ikkje annan Aas en berre det beine Striket i Himmelrømdi. Detta Striket stend ikkje beint i Tverlina fyre Soli, men alltid nokot hallande til den eine Sida; og denne Hallingi gjerer so myket, at Jordi fær ein Gong Sumar paa Nordsida og ein annan Gong paa Sudsida. Ein Gong um Aaret hallar Nordpolen so langt ifraa Soli; at ho ikkje naar til aa skina paa den Landbolken, som er lengst i Nord; det er ved Jole-Tider, og daa hava me her paa Nordsida den lengste Natti; men dei, som bu paa Sudsida, hava lengste Dagen og høgste Sumaren. Tri Maanadar deretter heve Jordi gjenget ein Fjordung av sitt lange Skeid kring um Soli; daa er ho komi i det Tilhøve, at Solljoset naar Nordpolen og lika eins til Sudpolen, so at Dagen er lika lang som Natti kring um heile Jordi; difyre heiter det Jamdøger. Medan Jordi sidan gjeng den andre Fjordungen av Umvegen sin, hallar Nordsida meir og meir aat Soli alt fram til Jonsvoko-

Skrifter i Samling II Tider; daa er Nordpolen lengst inne paa Dagsida, og daa hava me lengste Dagen her; men paa Sudsida hava dei lengste Natti og høgste Vetteren. Dermed byrjar det andre Halvaaret, daa Jordi kjem bakleides paa andre Sida aat Soli; etter tri Maanadar er det Jamdøger paa nytt, og Nordsida hallar meir og meir fraa Soli, til dess ho kjem atter i det same Stødet, der ho var fyre eit Aar sidan. Daa heve Jordi fullført sin Umgang og byrjar den same Langferdi paa nytt og med same Gangen som fyrr. Fraa vaar eigen Bustad viser alt detta seg so, at Soli laagnar um Hausten til Midvetters Tid; daa stend ho so laagt, at det er litet ho kjem upp yver Himmelsynet; men so tek ho til aa stiga og gjeng høgre og høgre alt fram til Midsumars Bil; daa gjeng ho so vidt i Kring, at det er berre nokre faae Timar, som ho er burte. Sidan laagnar ho paa nytt, so lenge til ho kjem atter i Midvetters-Maatet. Men no vita me og, at der er stor Skilnad imillom Nord og Sud. Naar Folk fara berre so langt nord som til nørdste Enden av vaart eiget Land, faa dei alt sjaa ein annan Solargang: midt paa Vetteren sjaa dei berre ein liten Ljoske av Dagen, men ingi Sol; midt paa Sumaren sjaa dei Soli heile Døgret igjenom; der verd ingi Natt, for Soli gjeng aldri ned. Naar Folk fara langt i Sud, faa dei derimot sjaa, at Soli gjeng høgre en her, men brattare upp og ned. Ved Mid-Lina (Æqvator) elder i Tverstriket midt paa Jordi gjeng Soli beint upp og midt yver Hovudet; og naar ein kjem nokot langt Sud um Lina, kann ein endaa faa sjaa Middagssoli paa Nordsida. Med Umsvivet millom Aust og Vest er det nokot likt som med Vendingi millom Nord og Sud, med di at me berre sjaa ei Vending paa Himmelen, men ikkje paa Jordi; det er mest so, som naar me sigla langs med med Landet med ein makleg Byr; me tykkja, at det er Landet, som sigler, og ikkje Baaten. Etter 235

Skrifter i Samling II

Tider; daa er Nordpolen lengst inne paa Dagsida,

og daa hava me lengste Dagen her; men paa Sudsida

hava dei lengste Natti og høgste Vetteren. Dermed

byrjar det andre Halvaaret, daa Jordi kjem bakleides

paa andre Sida aat Soli; etter tri Maanadar

er det Jamdøger paa nytt, og Nordsida hallar meir

og meir fraa Soli, til dess ho kjem atter i det same

Stødet, der ho var fyre eit Aar sidan. Daa heve

Jordi fullført sin Umgang og byrjar den same Langferdi

paa nytt og med same Gangen som fyrr.

Fraa vaar eigen Bustad viser alt detta seg so, at

Soli laagnar um Hausten til Midvetters Tid; daa

stend ho so laagt, at det er litet ho kjem upp yver

Himmelsynet; men so tek ho til aa stiga og gjeng

høgre og høgre alt fram til Midsumars Bil; daa gjeng

ho so vidt i Kring, at det er berre nokre faae Timar,

som ho er burte. Sidan laagnar ho paa nytt, so lenge

til ho kjem atter i Midvetters-Maatet. Men no vita

me og, at der er stor Skilnad imillom Nord og Sud.

Naar Folk fara berre so langt nord som til nørdste

Enden av vaart eiget Land, faa dei alt sjaa ein annan

Solargang: midt paa Vetteren sjaa dei berre ein liten

Ljoske av Dagen, men ingi Sol; midt paa Sumaren

sjaa dei Soli heile Døgret igjenom; der verd ingi

Natt, for Soli gjeng aldri ned. Naar Folk fara langt

i Sud, faa dei derimot sjaa, at Soli gjeng høgre en

her, men brattare upp og ned. Ved Mid-Lina (Æqvator)

elder i Tverstriket midt paa Jordi gjeng Soli

beint upp og midt yver Hovudet; og naar ein kjem

nokot langt Sud um Lina, kann ein endaa faa sjaa

Middagssoli paa Nordsida.

Med Umsvivet millom Aust og Vest er det nokot

likt som med Vendingi millom Nord og Sud, med

di at me berre sjaa ei Vending paa Himmelen, men

ikkje paa Jordi; det er mest so, som naar me sigla

langs med med Landet med ein makleg Byr; me tykkja,

at det er Landet, som sigler, og ikkje Baaten. Etter

235

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!