19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Skrifter i Samling II

av Bogen; det er det, som dei kalla Vederstuv elder

Elhovud. Og slike Bogestubbar sjaa me ogso i ein

Foss og i drivande Vatn, naar det kjem i den rette

Høgdi, der som Vatsdroparne kunna avspegla Solstraalarne

fyre oss. For den beine Lina fraa Soli og

fraa vaar eigen Synstad raakar ikkje paa sjølve Regnbogen,

men paa Midten i den runde Ringen, som

denne Bogen vilde fylla, naar han ikkje vardt avbroten

ned ved Jordi. Difyre er det so, at Regnbogen

stend høgst, naar Soli er laagaste, men naar

Soli er høgst, sjaa me ingen Boge.

Elles er det ymse andre Tilfall i Lufti, som berre

visa seg i Myrkret elder paa Nattartider. Dertil høyrer

den braglande Ljosken, som er kallad Vederlyse

elder Nordlyse og som helst viser seg paa Nordsida,

so at Folk so ymist hava trutt, at det skulde hanga

saman med Dragsteinskrafti; det er det Laget, som

viser seg i Dragsteinen elder «Magneten», at naar

han er so uppstellt, at han kann sviva kringum ein

Stake elder Stolpe, so vil han alltid draga seg mot

Nordsida elder mot Polen. Men elles heve det voret

so mange andre Gisningar um denne Ljosken, at det

er vandt aa vita, kvat som er det vissaste. – Eit

annat Slag er det, som me kalla Stjernerap, av di

at det syner seg som ei fallande Stjerna; og nokot

dilikt er ogso desse Eldkulorna, som me kalla Vederbrand

elder Drake. Det verd so uttydt, at det er

nokot, som kjem inn i Lufti utanifraa og som kveikjest

og lyser paa sin Gang igjenom Lufti. Der er

eit Slags Malmklumpar, som skal vera tilkomne av

slike Eldkulor, som hava fallet til Jordi; men kvar

den Malmen heve skapat seg til, er nokot uvisst aa

vita.

Upp i Høgdi verd Lufti tunnare og tunnare, og

paa dei høgste Fjellom paa Jordi skal der vera so

tunn Luft, at det er knapt ein kann draga Ande.

Etter alt, som er kunnigt, rekk ikkje Luftlaget meir

231

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!