19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Skrifter i Samling II

sladom ut yver Fjordarne; denne Blaastren kalla me

Dalsnoa elder Skjella. Det er ogso kunnigt, at Nordanvinden

jamnaste er kald, og Sunnanvinden derimot

er mild, av di at Sudsida er den varmaste;

men elles kann det og vera nokot ustødt med Varmen;

for det gjeld um, kor langt det er, at Vinden

heve gjenget beint i same Stemna. Um dei største

Vindstraumarne er det upplyst, at dei ganga i store

Ringar elder Kvervar, so at det, som her er Vestanvind,

kann lenger i Aust vera Nordanvind, og lenger

i Sud derifraa kann det vera Austanvind. Og det

høver ogso ofta til, at der paa den eine Sida av

Landet er ein stor Storm, medan det paa den andre

Sida er Stilla elder iminsto eit annat Vindslag.

Ymse Umskifte i Lufti koma av Eimar, som stiga

upp fraa Jordi; for baade det store Havet og Landjordi

vil jamlege giva fraa seg ei stor Mengd av

Gova elder Vaatrøyk, som stig upp i Høgdi og fer

svivande att og fram, etter som Vinddraget strøymer.

Detta Uppstiget kann lenge vera so smaatt og tunnt,

at me ikkje sjaa det; men sidstpaa verd det daa synlegt

som eit Musk i Høgdi, som me kalla Sky; stundom

kann detta Musket ogso leggja seg ned paa

Jordi, og daa kalla me det Skodda elder Toka. Naar

Skyerna hava sankat seg og siget i Hop, so at Væta

er for tung til aa sviva i Lufti, so fell ho nedatter

paa Jordi, og det kalla me Nedburd. I mildt Veder

vil Væta falla i runde Dropar, og daa er det Regn;

men naar det er kaldt i Høgdi, so kunna Vatsperlorna

vera samanfrosne i runde Korn, som me kalla

Hagl, elder ogso frjosa dei saman i fine tunne Flokar,

og daa heiter det Snjo. Elles kann det ogso

koma ei Væta paa Jordi i klaart og turt Veder; det

er den Væta, som me kalla Dogg, og som kjem av

ei Avkjøling i Lufti um Kvelden, naar Soli er nedgjengi.

Og stundom kann Lufti verda so kald, at

Doggi frys paa Marki; daa heiter det Hela elder Rim.

229

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!