19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

228 Skrifter i Samling II

sidan era utbrende og avsloknade, so at der berre

stend atter ein rund Topp med ei Dokk i Midten.

II. UM LUFT OG VEDER.

Lika eins som Vatnet ringar seg kring um Jordi

og fyller alle dei laagaste Dypter, soleides heve Jordi

ogso eit annat Umlag av eit myket lettare og rørlegare

To, som me i dagleg Tale kalla Vind elder

stundom Luft, og som i ei vidare Umsyn kann heita

Vindheimen elder Luftriket (Atmosfæra). Lufti er so

tunn og gjenomsynleg, at me ikkje sjaa henne med

Augom; derimot kunna me kjenna henne baade med

Andedraatten og med berre Handi, naar me sveiva

nokot sterkt med Armen; lika eins kann ein sanka

Luft i Belgjer elder Blaasor og fylla og tøma deim,

ettersom ein vil. Soleides kann ein suga Lufti ut or

ei Røyr elder Pipa, og naar ein set Enden av Røyri

ned i Vatn elder Væta, so kann ein dermed draga

Vatnet upp igjenom Røyri; for det vindtømde Romet

vil hava si Fylling, soframt som der er nokot, som

kann renna inn i Romet. Ein kann ogso gjera seg

ei kunstig Sugerøyr elder Pumpa (som dei kalla det)

til aa tøma Vatn or Farty og meir slikt. Der kann

ein segja, at det er Lufti, som dreg Vatnet etter seg;

og dermed viser det seg daa, at Lufti heve større

Seigd og Styrke, en som ein skulde vona etter fyrste

Svipen.

Den frie Lufti kjenna me best, naar ho er i Rørsla

elder Strøyming, og det er det Tilfellet, som me

jamnaste kalla Vind. Ei slik Rørsla kann stundom

koma av eit Varmeskifte i Lufti. Naar Landjordi er

vel uppvarmad paa ein klaar Sumardag, vil der ut

imot Kvelden koma ei kaldare Strøyming fraa Havet

inn igjenom Fjordarne; det er den Blaastren, som

me kalla Havgula elder Utrøna. Naar derimot Jordi

er tillagd med Snjo elder Is og difyre er kaldare en

Sjoen, so vil der strøyma ei kald Gust ifraa Dal-

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!