19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Skrifter i Samling II

mange Straumar i Sjoen og viser seg mest paa slike

Stader, der det er eit trongt Innlaup til ein stor

Fjord, for der strøymer Sjoen so fort som ei Elv

og gjeng ut elder inn, etter som Sjoen fell elder

fløder.

Grunnen i Havet er ujamn liksom paa Landet;

sumstad er det store Djup, og sumstad er det Skallar

og Grynnor, som stiga nokot nær uppunder Sjoflata.

Dei Vidderna paa Jordi, som era yverflødde

med Vatn, era myket større en det, som er Land;

og det er endaa utreknat, at Landet er berre ein

Tridjung, men Sjoen derimot tvo Tridjungar av Jordflata;

framfyre annat er det det store Sudhavet elder

Stillehavet, som tek upp ein stor Part av all denne

Viddi. Den største Mengdi av Sjo er paa sydre Sida;

den største Landmengdi er derimot paa den nørdre

Halvparten av Jordi.

Kor Jordkloten er lagad innantil elder inn i Midten,

er oss ukunnigt; men ein merkeleg Ting er det, at

det paa ymse Stader er Teikn til store Rørslor inn

i Jordi. Paa ymse Tider kann det koma ei Risting

elder Skaking i Grunnen med ein dundrande Ljod;

det er det Tilfelle, som dei kalla Jorddune elder Jordskjelv,

og som paa nokre Stader kann hava slik

Styrke, at baade Hus og heile Byar kunna brotna

og rynja ned. Nokot likt med detta er eit annat

Tilfelle, som kann ovra seg i ymse Berg elder Jordtoppar,

som dei kalla Eldberg (elder Vulkaner); det

gjeng so til, at der paa ymse Tider sprett upp ein

Strøym av Eldmyrja og stundom ei sjodande og

gloande Røra, som sig ut yver Berget og sidan

storknar og brest isunder og verd liggjande som ei

Steinurd kring um Opningi. Slike Eldberg er der

paa Island og ved Midelhavet, men dei fleste av

deim liggja paa Vestersida av Amerika og kring um

det store Sudhavet. Paa nokre Stader er det ogso

Merke til, at der eingong heve voret Eldberg, som

227

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!