19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

224 Skrifter i Samling II

Klump, so at ein kunde fara rundt i Kring paa alle

Sidor, soframt det var allstad lika lett aa koma

fram. I Aust og Vest kann ein halda same Stemna

paa heile Vegen; stemner ein jamt i Vest, so kjem

ein heimatter austantil, og stemner ein jamt i Aust,

so kjem ein atter vestantil. I Nord og Sud kunde

ein ogso koma rundt i Kring, naar der hadde voret

framkjømt; men der er store Stengslor i Vegen, med

di at den nørdste Kuven (ved Nordpolen) er tiltakt

med Isberg og Snjoberg, og den synnste Kuven (ved

Sudpolen) lika eins. For paa baade desse Stadom er

der so liten Varme, at Isen ikkje kann losna elder

tidna.

Denne Fyresegni um den runde Jordkloten kann i

Fyrstningi lyda nokot undarlege fyre oss, daa me

alltid era vane til aa tenkja oss alle Vidder som ei

einaste Flata. Det kjem av di, at me ikkje kunna

sjaa nokot meir en eit litet Stykke av det heile.

Kunde me sjaa ut yver eit heilt Hav paa ein Gong,

so vilde me finna, at det er uppkuvat elder høgt i

Midten og hallar jamt ned aat Sidom; og nokot dilikt

vilde det vera, naar me saago ut yver eit stort

Fastland; for alle Fjell vilde verda so smaa, at den

heile Muga viste seg som ei Sletta med ein Kuv i

Midten og ei Halling paa kvar Sida. Og uti den

store Himmelrømdi maa Jordi visa seg som ein Ball

elder rund Klump, lika slett paa alle Sidor og svivande

fritt i Rømdi lika eins som Soli og Maanen.

Den greidaste Framsyning av heile Kloten er ei rund

Kula (ein Globus) med Skilmerke fyre Land og Sjo

paa alle Sidor; elles kann ein ogso teikna Jordi flat,

men daa lyt ein teikna fyrst den eine Sida og so

den andre, so det verd tvo runde Skivor, som me

sjaa paa Landkortom. Det er so til aa taka, som

naar ein vil kløyva eit Eple midt i tvau og leggja

baade Halvorna jamsides, so ein kann sjaa heile Utsida

paa ein Gong.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!