Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

aasentunet.no
from aasentunet.no More from this publisher
19.11.2012 Views

214 Skrifter i Samling II og dei umliggjande Øyar heve lenge voret kjend; men han hadde ogso skrivet nokot meir, som vardt liggjande uprentat, og dertil høyrde eit Stykke um Sjoormen,som no er innført i «Christiania Videnskabsselskabs Forhandlinger» fyre 1876. Etter denne Fraasegni skulde Sjoormen vera eit reint avskræmelegt Udyr, som er nokre hundrad Famnar langt og heve eit Hovud som ein stor Baat elder ei «passeleg» Jagt. Det kann vera fleire saman paa ein Stad, so som i Stavangerfjorden, der det stundom kann vera tvo elder tri paa ein Gong. Og det verste er, at han er so for frek til aa eta Folk, at han legg seg midt i Skipsleidi til aa fanga deim, som ferdast paa Sjoen; stundom berre lyfter han upp Hovudet og tek Folket ut or Skuta, og stundom slær han sunder Skutorna elder Baatarne og et upp Folket, som var i deim. Den einaste Heppa er, at det er so sjeldan han kann koma upp or Djupet; det er berre i stillaste Vedret og bjartaste Solskinet og ikkje paa andre Tider. Skulde ikkje det vera, so kunde der ikkje koma Folk paa Sjoen, og ingen kunde bu paa Øyom paa Vestersida av Landet. Peter Dass heve ogso nokre Ord um Sjoormen i sin «Nordlands Trompet»; og sidan var det daa fleire, som skreiv um det same. Biskop Pontoppidan i Bergen sankade saman alle Fraasegner um detta Dyret og førde deim inn i si Bok um «Norges naturlige Historie». (1752). Han gav endaa paa ein Stad ei Teikning av Sjoormen; men denne Teikningi var komi fraa Presten Strøm paa Sunnmøre og var gjord etter berre Fraasegn og ikkje etter eigi Augnesyn. Det var ikkje fritt fyre, at Strøm tregade paa, at denne Teikningi skulde koma soleides ut; for han var rædd fyre, at Folk skulde tru, at han hadde seet sjølve Dyret so vel, at han kunde teikna det av etter Augnesyn. Strøm var sjølv ein ærleg «Viten-

Skrifter i Samling II skapsmann», som tok det grant og gløgt med si Umlysing av Landsens Dyr og Voksterslag; men han var ikkje av deim, som tru, at alt som ulærde Folk fortelja, skal vera berre Skravl og Skrynjor. Han segjer kvat han hadde høyrt um Sjohorvi (elder Kraken), og lika eins um Havmannen (= Havstramben); og um han endaa sjølv hadde stor Tvil um Tingen, so tykte han daa, at det var «alt for vaagelegt aa vilja neitta ein Ting, som so mange truverduge Menneskjor sanna». (Søndmørs Beskr. 1, 287). Nokot likt segjer han og um Sjoormen, som han med all sin Etterrøknad ikkje hadde fenget nokor nøgjeleg Greida paa. Han hadde elles høyrt ei Gisning um, at det kunde vera den Fisken, som me kalla Styrja, elder snaraste ei Rad av Styrjor, som gjekk og leikade og rende etter kvarandre i Sjoartrømen; men dette vilde han daa lata standa ved sitt Verd, til dess at betre Upplysning kunde koma. (S.207). Det er no elles aa merka, at det paa denne Tidi (elder etter Midten av fyrre Aarhundradet) var komet eit nytt Ljos i Kunnskapen um Dyreriket og Voksterriket; og det var ei Fylgja av det store Framstiget, som denne Kunnskapen hadde gjort i Sverike med Linné og hans Fylgjesmenner. Her i Landet var Strøm ein av dei fyrste, og sidan var det fleire, som gjorde seg kjende med Linné’s Skilgreida elder Samskipnad (System) og strævade trutt med aa ransaka og røkja etter alle dei Dyrslag, som dei kunde finna i sitt eiget Land. Ein av dei gildaste av deim var Biskop Gunnerus i Trondheim, som og paa sine lange Embættesferder hadde Tilleiding til aa samna Kunnskap um Dyrelivet lika til nørdste Enden av Landet. Men han tok det no elles nokot strengt med slike Ting, som han hadde nokor Tvil um. Han skreiv eingong eit Stykke um dei Sjodyri, som den gamle Kongespegelen talar um, og um ymse 215

214 Skrifter i Samling II

og dei umliggjande Øyar heve lenge voret kjend;

men han hadde ogso skrivet nokot meir, som vardt

liggjande uprentat, og dertil høyrde eit Stykke um

Sjoormen,som no er innført i «Christiania Videnskabsselskabs

Forhandlinger» fyre 1876. Etter denne

Fraasegni skulde Sjoormen vera eit reint avskræmelegt

Udyr, som er nokre hundrad Famnar langt og

heve eit Hovud som ein stor Baat elder ei «passeleg»

Jagt. Det kann vera fleire saman paa ein Stad,

so som i Stavangerfjorden, der det stundom kann

vera tvo elder tri paa ein Gong. Og det verste

er, at han er so for frek til aa eta Folk, at han

legg seg midt i Skipsleidi til aa fanga deim, som

ferdast paa Sjoen; stundom berre lyfter han upp

Hovudet og tek Folket ut or Skuta, og stundom

slær han sunder Skutorna elder Baatarne og et

upp Folket, som var i deim. Den einaste Heppa

er, at det er so sjeldan han kann koma upp or

Djupet; det er berre i stillaste Vedret og bjartaste

Solskinet og ikkje paa andre Tider. Skulde ikkje

det vera, so kunde der ikkje koma Folk paa Sjoen,

og ingen kunde bu paa Øyom paa Vestersida av

Landet.

Peter Dass heve ogso nokre Ord um Sjoormen i

sin «Nordlands Trompet»; og sidan var det daa fleire,

som skreiv um det same. Biskop Pontoppidan i Bergen

sankade saman alle Fraasegner um detta Dyret

og førde deim inn i si Bok um «Norges naturlige

Historie». (1752). Han gav endaa paa ein Stad ei

Teikning av Sjoormen; men denne Teikningi var

komi fraa Presten Strøm paa Sunnmøre og var gjord

etter berre Fraasegn og ikkje etter eigi Augnesyn.

Det var ikkje fritt fyre, at Strøm tregade paa, at

denne Teikningi skulde koma soleides ut; for han

var rædd fyre, at Folk skulde tru, at han hadde seet

sjølve Dyret so vel, at han kunde teikna det av

etter Augnesyn. Strøm var sjølv ein ærleg «Viten-

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!