Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet
Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet
Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet
You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
Skrifter i Samling II

ogso ymse undarlege Avkortningar (som Chra, Chria,

X.ania), og soleides hava me her nokot av den same

Plaaga som med andre lange og leide Namn, som

dei danske Kongar hava bundet paa oss, som Christiansand,

Christiansund, Frederikshald, Frederiksstad

og fleire, som baade ero til Møda fyre Folket, og

som dertil ogso ero uduglege til Minne-Namn, av di

det hever voret so mange Kongar, som heitte Kristian

og Fredrik, at det ofta er vandt at vita, kven det

var, som sette Namn paa Staden. Med si latinske

Form hever Namnet Christiania eit Skin av Studering

og dertil ogso eit Skin av Heilagskap, daa ein snaraste

skulde tru, at det kom av Ordet Christianus

(ein Kristen), og i det Tilfellet vilde det høva best

til ei Nybygd i eit Land, som var fullt av Heidningar.

Denne Lengdi og detta Skin av Studering gjerer

ogso, at Namnet sjeldan kann verda brukat i Vers;

og me faa soleides inkje sjaa det i nokon Song um

Fedralandet, for der vil Oslo altid bjoda seg fram

med si korte Form og sin historiske Verdleike. Og

sidstpaa er det ogso nokot blygslegt, at Hovudstaden

i vaart Land skal hava eit latinsk Namn,

medan derimot so mange andre Hovudstader hava

uppehaldet dei stutte og nette Namni, som Folket

sjølv hever gjevet deim i den uminnelege Forntidi.

Eit slikt Uhøve maatte vel endaa vera Raad til at

retta paa, og det kunde vel ogso vera betre Raad

til det no en fyrr, med di at den gamle Byen (Oslo)

no nyst er lagd saman med den nye, so der inkje

lenger er det til at segja, at Oslo er eitt, og Christiania

eit annat. Men slikt verd inkje gjort med

det, at ein berre tenkjer, at det skulde vera gjort;

det duger ikkje at segja, at det no er for seint, at

det inkje nyttar, at det er umogelegt, og so frametter.

Me hava Rett til at halda paa vaare gamle

Namn, og Utlendingen kann inkje formeinka oss at

nemna vaare Byar, som me sjølve vilja, naar me

205