19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

204 Skrifter i Samling II

ymse undarlege Avbrøyte kunna soleides koma upp,

og at det just ikkje altid er det rettaste, som fær

dei fleste Fylgjesmenner.

Etter alt detta trur eg vist, at Oslo er det rette

Namnet, og at Landsens Folk hava haldet det fyre

det rette. Men um endaa detta inkje var so fullvist,

so synest daa det vera vist, at der inkje er nokor

Torv til, at me no i desse Dagar skulde byrja med

ei ny Staving i det gamle Namnet. Munch sjølv

synest aldri hava tenkt paa nokot slikt, endaa den

Mannen ikkje var rædd fyre at slaa paa med nokot

nytt, naar han tykte, det turftest. Han berre klagar

paa det, at Namnet sidan vardt burtskutlat, med di

at Kong Kristian IV i Aaret 1624 «hadde det uheppne

Innfallet at umbyta det eldgamle ærverdige Namnet

Oslo med det nye, sjølvuppfundne og halvbarbariske

Namn Christiania». (Norske F. Historie, 6, 646). Og

detta er vel ogso den rettaste Synsmaaten. Er det

nokot her til at retta paa, so maa det vera i Bruket

og inkje i sjølve Stavemaaten. Me hava Gardsnamn

i Hundradtal, som trenga til Umbot, av di dei ero

forvanskade med Mistydning eller med ein undarleg

Skrivemaate, so der altid er nog til at retta og brøyta

paa. Men med Namnet Oslo finna me ingen Trong

til nokor Umbot.

Derimot er det ein Ting, som me helder skulde

driva paa, og det er at føra Namnet Oslo til større

Æra, en som det no ei Tid hever havt. Me kunna

ikkje annat en kveda med i den Utsegni av Munch,

at Christiania er eit Namn, som fyre oss er «halvbarbarisk».

Det er mødesamt fyre Aalmugen, med

di det hever so framand Form, at det lett kann verda

Mistak i sjølve Uttalen; difyre høyra me so ofta, at

Folk segja «Kristian» (med Tonen paa sidste Stavliden),

eller «Kristians By», som er myket rettare.

Det er ogso mødesamt fyre dei Folk, som skulo

skriva det mange Gonger um Dagen: difyre sjaa me

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!