19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

202 Skrifter i Samling II

til nokor større Vidd og soleides ikkje til nokot

Herad eller Bygdarlag, utan soframt som Namnet er

sett i Fleirtal, soleides som i «Loar» (= paa Loom,

Lom) i Gudbrandsdalen. Men naar det no er sagt,

at detta «Lo» skulde høva godt attaat ein Aas, og

inkje til ein Os (Elvarkjeft), so er detta ein Ting,

som eg slett ikkje kann skyna. Tvertimot maa eg

synast, at det inkje høver saman med nokon Aas;

for det verd daa altid eit Stykke imillom ein Aas

og ei Lo, so dei ikkje rett kunna naa i Hop, utan

i det Tilfellet, at der var ein gamall Gard, som heitte

Aas, og so ei Lo, som laag under denne Garden og

fekk Namn etter honom; men nokot slikt finna me

her inkje nokot Teikn til. Derimot er der eit rett

godt Samhøve imillom Os og Lo, og i Vissa her paa

Staden, der det endaa er tvo Osar i Nærleiken; paa

Austersida er Osen av den litle Elvi under Eikeberg

(Lo-Elvi), og eit litet Sprang vestanfyre er Osen av

den store Aakers-Elvi, som renn ut i same Viki rett

fram fyre Byen. Det synest difyre aldri verdt at

gjera seg nokor større Studering paa detta Namnet;

det er greidt nog, naar ein vil taka det beint fram

og tyda Oslo som ei Lo som ligger ved Osen (eller

Osarne). Og eg seer ikkje nokon Ting, som kunde

vera til Hindring fyre at segja Oslo, lika so vel som

Osmark, Osvoll, Osbakken og meir slikt.

Med den gamle Skrivemaaten av Namnet er det

vistnog so, at dei eldste Brevi hava lika so ofta

«Aslo» som Oslo, som ein lettaste kann sjaa i dei

store Brevsamningom, som no ero prentade med

Namn av Diplomatarium norvegicum. I ymse Samningar

fraa ei viss Tid (fram mot Aar 1300) finn eg

endaa oftare Aslo en Oslo. Men det er at merka, at

den gamle Skrivemaaten var ofta ustød, at mange

av dei Brevom, som hava Aslo (Asloia), ero skrivne

paa Latin, og at mange av deim ero skrivne utanlands.

Det er og at merka, at me finna Oslo lika

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!