Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

aasentunet.no
from aasentunet.no More from this publisher
19.11.2012 Views

IVAR AASEN SKRIFTER I SAMLING TRYKT OG UTRYKT II KRISTIANIA OG KJØBENHAVN GYLDENDALSKE BOGHANDEL NORDISK FORLAG MCMXII

II Skrifter i Samling II Føreord (1997) Skrifter i Samling kom ut i tre band i 1911 (band I) og 1912 (band II og III), redigert av Knut Liestøl. Dette er den største samleutgåva av skriftene til Aasen som har kome ut, og det er eit sentralt referanseverk i litteraturen om Aasen. Det er ei liste over dei ulike samleutgåvene i bibliografidelen på denne cd-en. Trass i storleiken er tittelen Skrifter i Samling misvisande. Trebandsverket inneheld berre eit lite utval av den store produksjonen til Aasen. Ingen av dei større verka (grammatikkane, ordbøkene, Prøver af Landsmaalet, Norske Ordsprog) er med, og det er heller ikkje ein del av dei artiklane som stod på prent i levetida til Aasen. Sjå elles «Etterord» av Knut Liestøl i band III. Skrifter i Samling vart på nytt tilgjengleg som bok i 1996 då Gyldendal gav ut ei ny fotografisk utgåve med etterord av Kjell Venås. Dei tre banda er der samla i eitt band. Denne elektroniske utgåva ligg tett opp til originalutgåva i 1911–12, og sidenummera på boksidene er dei same. Dei viktigaste skilnadene er: 1) innhaldslista er her flytt fremst, og dei nye sidene er nummererte med romartal, 2) teiknet er bytt ut med «d. v. s.», 3) rettingane som er førte opp lengst bak i bokutgåva er førte inn i hovudteksten, og nokre prentefeil i bokutgåva er retta utan at det er gjort greie for det i kvart einskild tilfelle, 4) nokre av overskriftene er retta slik at dei no er i samsvar med originaltitlane på stykka. Det er laga lenkjer slik at ein kjem seg frå teksten til merknadene ved å trykkja på ved overskriftene. Skrifter i Samling er skanna og korrekturlese av Dokumentasjonsprosjektet ved Universitetet i Oslo. Oslo, januar 1997 Oddmund Løkensgard Hoel

IVAR AASEN

SKRIFTER I SAMLING

TRYKT OG UTRYKT

II

KRISTIANIA OG KJØBENHAVN

GYLDENDALSKE BOGHANDEL

NORDISK FORLAG

MCMXII

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!