19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Skrifter i Samling II

han ikkje just klæder seg i Kjole og Krage paa

Herremanns Viis, um han eter sin Graut og drikker

si Blanda, som Folk hava gjort fyrr. Eg tenkjer der

kann vera god Framgang i eit Hus, um det inkje er

maalat paa alla Sidor og fullsett med Speglar og

Blomsterkrukkor. Eg helder det fyre eit litet Framstig,

at Folk leggja all sin Kostnad paa Veggjer og

Skaaper, og helder svelta og tyrsta en vilja høyra,

at det seer simpelt ut i Huset. Og helder inkje held

eg det fyrre nokon stor Framgang, at Folk vilja tufsa

burt i allskyns Lærdom, og naar dei hava lært nokre

nye Namn og nye Notar, tykjast vera komne so

uhorvelege langt fram, at deit berre læja aat sine Forfeder

og gjera Narr av all deira Tru og Tanke. Dei

gamle visste ogso, kvat dei gjorde, og det spyrst,

um det nye vil halda seg beter i Lengdi. Det var

paa ein Stad nord i Landet, at der kom nokre framande

fyre nokre Aar sidan, som lastade paa Bønderne

fyre det, at dei budde i Rotstovor elder Røykstovor,

og sagde deim, at detta var berre Svinaferd

og Raaskap ifraa den gamle Villmannskapen. Daa

var det nokre av deim, som bygde seg Omnstovor

og vilde sjaa um det vardt so mykjet gildare. Men

dei angrade paa Skiftet og saago, at det gamle høvde

deim best, og sidan hava dei bygt seg Røykstovor

etter den gamle Visi. Og same Vegen vil det vel

ogso ganga med ymse andre Skifte, som hava voret

utropade som eit stort Framstig, men som i Røyndi

synest helder vera Nyfikna og Tidarspille.

Der er visse Skilsteinar og Endemerke fyre all

Framgang i denne Heimen. Det hender og stundom,

at det, som eingong var kallat Framgang, verd sidan

kallat Attergang, so den heile Rørsla er snaraste som

eit Umdriv, ei Kringrenning elder ein Ringstraum som

fører Mannen med seg baade vidt og breidt, men

sidstpaa seter honom upp atter paa same Staden som

fyrr, elder kann henda driver honom av til ei verre

195

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!