19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

194 Skrifter i Samling II

hever voret ei Framgangstid paa alla Sidor. Den som

hever livt i den Mannsaldren daa Eimskipi og Eimvognerne

komo til, daa Telegrafen elder Bodsendingstraaden

var uppfunnen, daa Gaslysingi var innførd i

Byarne, og allskyns andre Umbøter og Lettingar i

Ervedet vordo upptekne, han maa vel segja, at han

hever voret uppe i ei Framgangstid. Og i slika Tider

er det mest umoglegt fyre eit Lands Folk at standa

urørlegt paa same Stiget som fyrr. Det eine Landet

dreg det andre med seg, og der dei store ganga

fyre, vilja dei smaae dalka etter. Vistnog er det no

so, at det er ikkje alle, som njota godt av desse

Framstigi, kannhenda det og er einkvar som tapar,

medan andre vinna. Og naar dei fleste vinna, so lyt

ein no kalla det Framgang likavel. Men det som eg

her vilde segja, var just det, at me inkje skulde gjera

nokot stort Skrøyt av slike Framstig, som me inkje

sjølve gjorde Upphavet til, men som me helder vaaro

nøydde til at gjera, naar me skulde fylgja nokorleides

jamt med dei Landslydom, som stodo næst

attved oss.

Di næst er det no ogso merkande, at det er mangt,

som sume kalla Framgang, men som aldri er stort

verdt. Det er stundom høyrande til, at alle nye Vendingar

skulde heita Framgang; det er ymse Folk,

som ero reint for fatige paa alle gamle Sedvanar og

vilja berre, at Folk skal alltid freista nokot nytt anten

det so er slikt elder slikt. Men det er ikkje alt galet,

som gamalt er, og helder ikkje alt nyttugt som nytt

er. Kunna Folk faa seg betre Hus og betre Bunad

av sin eigen Tilkostnad og inkje paa Laan og Borg,

so er det ein Framgang, som er Mun i. Kunna dei

faa betre Kunnskap og Upplysning, so er det ogso

ein Framgang, soframt Kunnskapen er sann og gagnleg

og inkje berre gjeng ut paa faafengde Gruvlingar

paa Ting, som inkje koma Folket ved. Eg tenkjer

at ein Mann kann vera ein god Framgangsmann, um

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!