19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

192 Skrifter i Samling II

føra si eigi Sak og fremja si eigi Æra, og dette

maatte daa og verda ei Minning fyre Aalmugen um,

at han skulde sjølv vera med i Raadi um Landsens

Velferd og inkje lenger venta alle Ting utanifraa.

Alt detta er store Ting og gode Ting, so at Landsens

Folk hever stor Orsak til at gledja seg i Minnet

um det Tidarskiftet, daa den nye Riksskipnaden

var grundlagd. Men med all Gleda skal ein daa ikkje

reint gløyma, at alle Mannsens Tilstellingar ero ufullkomne,

og all hans Lukka utrygg og lett umskifteleg.

Det er nyttelegt at minna seg um at Fridomen

og Sjølvbyrgdi alltid er trugad med ymse Faarar

baade utantil og innantil, so det trengst ei god

Gøymsla og Gjætsla, um ikkje nokor Ugreida skal

koma paa. Og det kann ogso vera vel verdt at

tenkja etter, um alt det gode er framkomet, som ein

kunde venta seg etter slike gode Grunnlag og slike

heppelege etterfylgjande Tider. Det er godt og vel,

at Folkatalet hever stiget og at det endaa er meir

Mat og fleire Pengar i Landet en fyrr, at mangein

Jordflekk er upprudd, og mangein Veg er brøytt elder

beinkad, at det gjeng fleira Vogner paa Landet og

fleira Skutor i Sjoen. Men det kann og vera eit

Spursmaal, um her er større Hugnad imillom Folket

og større Velnøgje i Landet no en fyrr. Det er godt

og vel, at der er mange fleire Skular i Landet, og

at Ungdomen lærer myket meir en fyrr; men ein

kann stundom spyrja, um det inkje verd myket lært,

som inkje trengdest, og um inkje myket av dette er

framdrivet med Tvang og Trugsmaal, inkje med vinleg

Tilvending til Aalmugen men helder tvert imot

hans Vilje. Det er ogso vel, at Folket lærer mange

nye Ting og gjerer seg beter kjent med den store

Verdi; men det er eit stort Spursmaal, um denne

Lærdomen er innkomen paa rette Maaten og med

det rette Umsyn til den gamle Folkaseden; um Aalmugen

hever notet den same Retten her som i andre

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!