25.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

386 Skrifter i Samling III

ETTERORD

I denne utgaava av Aasens skrifter hev eg for det

fyrste prøvt aa faa med alt det Aasen sjølv gav ut, so

nær som reint vitskaplege arbeid og samlar-arbeid. Ordbøker,

grammatikkar, maalprøvor o. dl. er soleis ikkje

medtekne. Ordtøki var det fyrst meiningi aa hava med;

men dei vilde ha sprengt raama for utgaava, og medan

utgjevingi stod paa vart det dessutan funne fram mykje

nytt tilfang, som hadde større krav paa aa koma med.

Ved namneboki kunde det òg vera tvil, av di ho paa

ein maate er eit samlar-arbeid; men umfram namnelistorne

hev ho so mange forvitnelege utgreidingar um

namn og namneskikk, at det var vel rettast aa taka

henne med. – Dinæst er det av uprenta ting medteke

alt som ikkje var reint vitskaplegt eller samlar-arbeid

og som elles var høvelegt til utgjeving. Her er det

vandt aa finna den rette grensa, og mange vil vel tykkja

at det her er teke med for mykje. Sume av dikti burde

vel helst ha vore ute. Men eg vilde heller taka med

vel mykje enn vel lite, naar det fyrst baud seg eit høve

til aa faa ei heilskapa utgaava.

Teksterne er prenta soleis som Aasen skreiv dei. Det

er ikkje brigda anna enn sovore som beintfram maatte

vera mistak. Det fyrste var eg vel var med aa retta, so

det i dikti hev kome inn sumt som vel berre hev sin

grunn i misskriving. Serleg burde eg ha retta meir paa

teiknsetningi; ofte bruka Aasen mest ikkje teikn i det han

skreiv for seg sjølv. Eg arbeidde fraa fyrsten med den

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!