Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

aasentunet.no
from aasentunet.no More from this publisher
25.07.2013 Views

382 Skrifter i Samling III deg ei Kona av høgre Stand, so tak ikkje ei slik, som skal tena deg som eit Agn og ei Fisketroda til aa sanka Gaavor, som du ikkje sjølv lætst vita av. Eg segjer deg med Sanning, at alt det, som Kona til Domaren tek imot, det skal Mannen gjera Rekneskap fyre i den sidste Domen, og i Dauden skal han bøta firfeldt fyre dei Sumarne, som han ikkje gjorde Skil fyre, medan han livde. Lat deg aldri leida av nokor Sjølvtykkjes-Log, um endaa slikt plagar vera myket vyrdt hjaa dei ukunnige, som tykkjast vera kloke. Lat Faatøkmanns Taaror finna meir Medhug hjaa deg en Rikmanns Paastand, men daa ikkje høgre Rett. Freista paa, at du kann finna Sanningi mot Rikmanns Lovnad og Gaavor og mot Faatøkmanns Graat og Bøner. Naar det kann vera Raad til nokor Beinka i Domen, so legg ikkje heile den strenge Lovtyngdi paa Forbrjotaren; for den strenge Domaren vil ikkje faa betre Lovord en den medlidande. Um so hender, at du læt Retten halla til den eine Sida, so lat det ikkje vera fyre nokor Vegt av Gaavor, men helder fyre eit medlidande Hjarta. Naar det fell so til, at du skal døma i ei Sak fyre nokon av dine Uviner, so vend dine Tankar burt ifraa hans Motgjerder, og fest deim paa Sanningi i Saki. Lat ikkje din eigen Braadhug blinda deg i annan Manns Sak; for dei Mistak, som du derved kunde gjera, vilde som oftast vera ubøtande, og um det var Raad til aa retta deim, so vilde det endaa vera til Skade fyre di Tiltru og dertil og fyre dine Midlar. Um nokor væn Kvinna kjem og bid deg um Rett, so vend Augo burt ifraa hennar Taaror, og Øyro ifraa hennar Sukkar, og skoda med god Ro paa Hovudsaki i hennar Bønstad, soframt du ikkje vil,

Skrifter i Samling III at ditt Skyn skal kvavna i hennar Graat og din Godvilje i hennar Andvarp. Den, som du skal refsa i Gjerning, skal du ikkje neisa med Ord; for den Pinsla, som fylgjer med Refsingi, er stor nog fyre den Uheppne utan nokot Tillag av vonde Ord. Forbrjotaren, som kjem inn under din Domstol, skal du meta som ei uheppi Menneskja, som er falli under Vanskipnaden i vaar veike Natur, og so vidt som det stend til deg og er utan Urett fyre Motparten, skal du visa deg linn og mild mot honom; for um endaa alle Guds Eigenskapar era jamlike, so lyser og straalar daa fyre vaar Syn hans Miskunn meir enn hans Rettferd. Um du no, Sancho, fylgjer desse Raader og Fyresetningar, so vil du hava lange Livedagar, og ditt Lovord skal vara endelaust; di Løn skal vera toppmælt, og di Sæla usegjeleg. Du skal gifta Borni dine etter din eigen Hug, og dei skula koma til Æra og Vyrdnad, og Borni deira lika eins. Sjølv skal du liva i Fred og hava Velsigning av Folket; og paa ditt sidste Stig i Livet, skal Dauden finna deg i ein roleg og fullmogen Alder, og Borni til dine Barneborn skula leggja Augo dine atter med sine smaa og mjuka Hender. 383

Skrifter i Samling III

at ditt Skyn skal kvavna i hennar Graat og din Godvilje

i hennar Andvarp.

Den, som du skal refsa i Gjerning, skal du ikkje

neisa med Ord; for den Pinsla, som fylgjer med

Refsingi, er stor nog fyre den Uheppne utan nokot

Tillag av vonde Ord.

Forbrjotaren, som kjem inn under din Domstol,

skal du meta som ei uheppi Menneskja, som er falli

under Vanskipnaden i vaar veike Natur, og so vidt

som det stend til deg og er utan Urett fyre Motparten,

skal du visa deg linn og mild mot honom;

for um endaa alle Guds Eigenskapar era jamlike, so

lyser og straalar daa fyre vaar Syn hans Miskunn

meir enn hans Rettferd.

Um du no, Sancho, fylgjer desse Raader og Fyresetningar,

so vil du hava lange Livedagar, og ditt

Lovord skal vara endelaust; di Løn skal vera toppmælt,

og di Sæla usegjeleg. Du skal gifta Borni

dine etter din eigen Hug, og dei skula koma til

Æra og Vyrdnad, og Borni deira lika eins. Sjølv

skal du liva i Fred og hava Velsigning av Folket;

og paa ditt sidste Stig i Livet, skal Dauden finna

deg i ein roleg og fullmogen Alder, og Borni til

dine Barneborn skula leggja Augo dine atter med

sine smaa og mjuka Hender.

383

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!