25.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Skrifter i Samling III

som, naar der er Klokskap med, vil verja deim mot

slike illskefulle Lastord, som inkje Stand vil sleppa

fritt fyre. Haldt det fyre ei Æra, Sancho, at du er

av laagt Stand, og aldri skal du blygjast ved aa

segja, at du er komen av Bønder; for naar Folk

sjaa, at det ikkje harmar deg, so vil ingen freista aa

harma deg med det. Vyrd meir um aa vera ein

spakleg Snildarmann en ein storlaaten Syndar. Uteljande

mange era dei, som, uppkomne av laagt Stand,

hava stiget til den største Høgdi i Presteskap og

Hovdingskap; og paa denne Sanningi kunde eg segja

deg so mange Merke, at du vilde leidast av aa lyda

paa.

Hugsa paa, Sancho, at naar du tek Dygdi til Fyremaal

og set all di Æra i dygduge Gjerningar, so tarv

du ikkje ovundast paa deim, som hava Fyrstar og

Herrar til Forfeder; for Blodet kann ein erva, men

Dygdi lyt ein sjølv søkja, og Dygdi heve med seg

sjølv eit Verd, som Blodet inkje heve.

Sidan no detta er so voret, og det vel kunde henda,

at nokre av dine Skyldingar vilde koma og lydast um

deg, medan du er paa Øyi di, so skal du ikkje forsmaa

deim elder gjera deim skjemde; helder skal du

fagna deim vel og vera snild og gjestmild imot deim;

for dermed tekkjest du Skaparen, som vil, at ingen

skal vanvyrda hans Verk, og dermed fyller du det,

som du er skyldig til det velskipade Frendskaps-

Laget.

Um du tek Kona di heim til deg (og det er ikkje

godt, at dei, som sitja fyre Landsstyret, skula vera

lenge burte fraa sine eigne Konor), so sjaa til, at ho

kann læra nokot og vitrast og venja seg av fraa si

medvaksne Vyrdløysa; for so myket som ein vitug

Styresmann kann draga saman, so myket kann ei

uvitug Kona skjemma burt og spilla.

Um so er, at du verd Enkjemann (for det kann

og henda), og du daa med ditt Embætte kann finna

381

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!