25.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Skrifter i Samling III

sine styvelege Buhundar og sine Dungar av Røter

og Matemne. Det er so stor Mengdi i denne Verdi

av desse aalmennelege grovleitte Folk, som daa inkje

lida nokon maalarverdig hjarteklembande Naudardom.

Det er so naudsamt at me skulde minna oss um deira

Tilvære; ellers kunde me lett koma til at sleppa deim

reint ut or vaar Tru og Visdomslæra, og soleides

byggja lufthøge Læresetningar, som inkje høva utan

i ein Heim av berre Ofsaskap. Difyre lat Kunsten

alltid minna oss um deim; lat oss alltid hava Menner

som ero viljuge til at trøyta eit Liv i ein kjærleg

Umhug fyre ei trufast Avteikning av aalmennelege

Kvardagsting og gledja seg, naar dei kunna visa,

kor mildt og vinlegt Himmels-Ljoset fell paa desse

Ting. Der er faae Profetar i Verdi, faae framifraa

væne Kvende, og faae Kjempor. Eg kann inkje hava

Raad til at leggja all min Elsk og Vyrdnad paa slike

Sjeldsyn; eg treng ein stor Deil av desse Kjenslor

fyre mine Kvardags Medmenne, særlega fyre dei faae

som standa i næste Radi av den store Mengdi; fyre

deim som eg kjenner av Andlitet og som eg trykkjer

i Handi, fyre deim som eg skal møta og vægja med

vinleg Etterlæta. Helder inkje ero maalarverdige Lazzaroner

elder storsogolege Forbrjotarar halvt so tidgjengde,

som vaar sedvanlege Verkmann, som tenar

seg sitt eiget Braud og eter da keivelegt men ærlegt

med sin eigen Faldekniv i Handi. Det er naudsamare,

at eg skulde hava ein Taatt av Samhug, som

bøygjer meg til den uvande Borgaren, som veg upp

Sukkeret aat meg i sliten Flange og Halsduken til

den allravænaste Skjelm i rauda Bordor og grøna

Fjødrer. Det er naudsamare, at mitt Hjarta skulde

hitna av kjærleg Undring yver ymse Merke paa Godvilje

hjaa dei lytefulle Folk, som sitja ved same

Aaren som eg, elder hjaa Presten i mi eigi Sokn,

som er kanskje nokot for feit og i andre Maatar

helder inkje nokon Oberlin elder Tillotson, en at

379

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!