Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

aasentunet.no
from aasentunet.no More from this publisher
25.07.2013 Views

378 Skrifter i Samling III endaa inkje elskverdige, – hava voret kyste i Løyndom av moderlege Lepar. Eg hever seet mang ei Fagna-Kona, som aldri eingong i sine beste Dagar kunde hava voret væn, men endaa hadde ho ein Pakke av gule Elskhugsbrev i eit løynlegt Rom i Kista si, og søte Born hava sumlat med Kyss um hennar bleika Kinner. Og eg tenkjer, det hever voret ein heil Hop av unge Kappar (heroes) med maateleg Storleike og tunnt Skjegg, som hava tykst vera visse paa, at dei aldri kunde elska nokot, som var minder verdt en ei Diana, og som daa likavel i Midaldren sin hava funnet seg heppelega busette med ei vaggande Kjerring. Ja lat oss takka Gud! den folkelege Kjensla (Tokken) er lik dei store Elvom, som grøda Jordi: ho stend inkje still og ventar etter Vænleiken; ho siger fram med ustaggande Styrke og fører Vænleiken med seg. All Æra og Vyrdnad vere den guddomlege Vænleike i Skapnaden. Lat oss fremja honom til det høgste Maal i Menner, Konor og Born, i vaare Hagar og i vaare Hus. Men lat oss elska den andre Vænleiken med, som inkje ligg i nokon Løyndom i Lag og Skapnad, men i Løyndomen av den djupe folkelege Samhugen. Maala oss ein Engel, um du kann, med flugtande blomlitat Yverplagg (robe) og eit Andlit, som blikar i Himmels-Ljoset; maala oss endaa oftare ei Madonna (Vaar Fru), som vender sitt milde Andlit upptil og opnar sine Armar til at fagna den guddomlege Heider; men kom inkje og legg paa oss nokra Kunst-Loger, som skulo landlysa utor Kunstriket desse gamle Kvendfolk, som skrapa Kaalrøter med sina trælharde Hender, desse tungføre Slampar, som taka seg Kvilestunder i ei myrkvori Skjenkestova, desse bogne Rygger og styvelege vederbitne Andlit, som hava bøygt seg yver Grev og Greip og gjort det stritsame Verket, som høyrer Verdi til, – desse Husi med sine Tinfat, sina brune Krukkor,

Skrifter i Samling III sine styvelege Buhundar og sine Dungar av Røter og Matemne. Det er so stor Mengdi i denne Verdi av desse aalmennelege grovleitte Folk, som daa inkje lida nokon maalarverdig hjarteklembande Naudardom. Det er so naudsamt at me skulde minna oss um deira Tilvære; ellers kunde me lett koma til at sleppa deim reint ut or vaar Tru og Visdomslæra, og soleides byggja lufthøge Læresetningar, som inkje høva utan i ein Heim av berre Ofsaskap. Difyre lat Kunsten alltid minna oss um deim; lat oss alltid hava Menner som ero viljuge til at trøyta eit Liv i ein kjærleg Umhug fyre ei trufast Avteikning av aalmennelege Kvardagsting og gledja seg, naar dei kunna visa, kor mildt og vinlegt Himmels-Ljoset fell paa desse Ting. Der er faae Profetar i Verdi, faae framifraa væne Kvende, og faae Kjempor. Eg kann inkje hava Raad til at leggja all min Elsk og Vyrdnad paa slike Sjeldsyn; eg treng ein stor Deil av desse Kjenslor fyre mine Kvardags Medmenne, særlega fyre dei faae som standa i næste Radi av den store Mengdi; fyre deim som eg kjenner av Andlitet og som eg trykkjer i Handi, fyre deim som eg skal møta og vægja med vinleg Etterlæta. Helder inkje ero maalarverdige Lazzaroner elder storsogolege Forbrjotarar halvt so tidgjengde, som vaar sedvanlege Verkmann, som tenar seg sitt eiget Braud og eter da keivelegt men ærlegt med sin eigen Faldekniv i Handi. Det er naudsamare, at eg skulde hava ein Taatt av Samhug, som bøygjer meg til den uvande Borgaren, som veg upp Sukkeret aat meg i sliten Flange og Halsduken til den allravænaste Skjelm i rauda Bordor og grøna Fjødrer. Det er naudsamare, at mitt Hjarta skulde hitna av kjærleg Undring yver ymse Merke paa Godvilje hjaa dei lytefulle Folk, som sitja ved same Aaren som eg, elder hjaa Presten i mi eigi Sokn, som er kanskje nokot for feit og i andre Maatar helder inkje nokon Oberlin elder Tillotson, en at 379

378 Skrifter i Samling III

endaa inkje elskverdige, – hava voret kyste i Løyndom

av moderlege Lepar. Eg hever seet mang ei

Fagna-Kona, som aldri eingong i sine beste Dagar

kunde hava voret væn, men endaa hadde ho ein

Pakke av gule Elskhugsbrev i eit løynlegt Rom i

Kista si, og søte Born hava sumlat med Kyss um

hennar bleika Kinner. Og eg tenkjer, det hever voret

ein heil Hop av unge Kappar (heroes) med maateleg

Storleike og tunnt Skjegg, som hava tykst vera visse

paa, at dei aldri kunde elska nokot, som var minder

verdt en ei Diana, og som daa likavel i Midaldren

sin hava funnet seg heppelega busette med ei vaggande

Kjerring. Ja lat oss takka Gud! den folkelege

Kjensla (Tokken) er lik dei store Elvom, som grøda

Jordi: ho stend inkje still og ventar etter Vænleiken;

ho siger fram med ustaggande Styrke og fører Vænleiken

med seg.

All Æra og Vyrdnad vere den guddomlege Vænleike

i Skapnaden. Lat oss fremja honom til det

høgste Maal i Menner, Konor og Born, i vaare Hagar

og i vaare Hus. Men lat oss elska den andre Vænleiken

med, som inkje ligg i nokon Løyndom i Lag

og Skapnad, men i Løyndomen av den djupe folkelege

Samhugen. Maala oss ein Engel, um du kann,

med flugtande blomlitat Yverplagg (robe) og eit Andlit,

som blikar i Himmels-Ljoset; maala oss endaa oftare

ei Madonna (Vaar Fru), som vender sitt milde

Andlit upptil og opnar sine Armar til at fagna den

guddomlege Heider; men kom inkje og legg paa oss

nokra Kunst-Loger, som skulo landlysa utor Kunstriket

desse gamle Kvendfolk, som skrapa Kaalrøter

med sina trælharde Hender, desse tungføre Slampar,

som taka seg Kvilestunder i ei myrkvori Skjenkestova,

desse bogne Rygger og styvelege vederbitne

Andlit, som hava bøygt seg yver Grev og Greip og

gjort det stritsame Verket, som høyrer Verdi til, –

desse Husi med sine Tinfat, sina brune Krukkor,

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!