Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

aasentunet.no
from aasentunet.no More from this publisher
25.07.2013 Views

376 Skrifter i Samling III det er fyre deim du skulde fostra (nøra) alle moglege Godvoner, og alt moglegt Tolmøde. Og eg vilde inkje, um eg og hadde Raad til det, vera den hendige Sogodiktaren, som kunde skapa ein Heim, som var so myket betre en denne, der me risa upp um Morgonen til at gjera vaart daglege Verk, at du skulde derutav verda tilbøygd, til at kasta eit kvassare og kaldare Auga paa dei dustutte Gator og dei kvardagslege grøne Marker, paa dei røynlege livande Menner og Kvende, som kunna verda modfallne av di Vaarkunnløysa elder krenkte av dine Fyredomar, men som kunde verda uppmodade og framlettade av din Medhug, di Etterlæta, di framtalade djerve Rettferd. Soleides er eg nøgd med at fortelja mi simplege Soga, utan at freista paa at lata Tilstandi synast betre en dei ero; eg ottast inkje fyre nokot annat en Fals; det hava me Grunn til at ottast, til Traass fyre vaar beste Tilrøynsla. Fals er so vandelaust, Sanning so vandefull. Maalarbosten kjenner ein gamansam Lettleike, naar han teiknar ein Trollfugl; di lengre Klørna og di vidare Vengjerne ero, di betr er det; men denne undarlege Lettleiken, som me mistoko fyre ei Storgaava (genius), kann vel finna paa at røma fraa oss, naar me vilja teikna ei Løva i sin røynlege rette Skapnad. Prøv Ordi dine vel, og du vil finna, at endaa naar du inkje hever nokot Tildriv til at vera falsk, er det daa ein vandig Ting at segja den strenge (granne) reine Sanning endaa um dine eigne samtida Kjenslor (Tokkar, «feelings»), – myket vandare en at segja nokot fagert um deim, som inkje er den strenge Sanning. Det er fyre denne sjeldfengde kostelege Eigenskap av Sannmæle, at eg hever Hugnad i mange Hollandske Maalarstykke, som storhugade (lofty-minded) Folk vanvyrda. Eg finn ei Kjelda til godgjerande Samhug i desse trufaste Maalingar av eit einsskapat heimlegt

Skrifter i Samling III Liv, som heve voret Lagnaden fyre so mange fleire av vaare medlivande, en eit Liv med Storpryda elder med fullkomi Armod, med grøteleg Naudardom elder heimsskakande Storverk. Eg snur meg utan Kvekk (elder Bivring) fraa skyborne Englar, fraa Profetar, Sibyllor og kjempelege Stridsmenner, til ei gomol Kjerring, som luter seg yver si Blomsterkrukka elder eter sin einslege Dagverd, medan Middagsljosken, kanskje nokot avdøyvd av ei Lauvbuska, fell inn paa Skarve-Skautet (mob-cap) hennar og næmer Kanten av Rokkahjulet og Steinkrukka hennar og alle desse smaakostade Smaating, som ero kostelege Livs- Naudsemder fyre henne. Elder eg snur meg til eit Bondegards-Brudlaup, avhaldet millom fjore brune Veggjer, der ein keiveleg Brudgum byrjar Dansen med ei høgaksla breidleitt Brud, medan gamalvorne og midaldrade Viner glosa paa, med myket skaplause Nasar og Lepar og vel endaa med Drykkjustaup i Handi, men med ei Utsyning av umistakande Veltykke og Godvilje. «Fy», segjer min mynstersøkjande Vin, «kvat er dette for armodslege Smaating! Kvat godt er der i slikt Stræv til aa giva ei streng Likneskja av gamle Kjerringar og Slampar? Kvat laagt Livsstand! – kvat keivelege ljote Folk!» Men kjære væne! Ting maa daa vera elskande, um dei inkje ero altigjenom væne, vonar eg. Eg er inkje rett stød paa, um inkje Størsteparten av Mannætti hever voret ljot; og endaa imillom desse sokallade «Herrar i Ætti si», det Britiske Slaget, ero kubbutte Kroppar, ljotlege Nasar og borkutte Hamleter inkje myket sjeldsynte Undantak. Men endaa er der ein stor Deil av husleg Kjærleike imillom oss. Eg hever ein Vin elder tvo med eit Andlitsskap, som er slikt, at Apollo-Krullen yver Augnabrunom deira vilde vera ovlege freistande (trying); men etter mitt visse Vitende hava daa milde Hjarto sleget fyre deim, og deira smaae Bilæte – vistnog finare, men 377

Skrifter i Samling III

Liv, som heve voret Lagnaden fyre so mange fleire

av vaare medlivande, en eit Liv med Storpryda elder

med fullkomi Armod, med grøteleg Naudardom elder

heimsskakande Storverk. Eg snur meg utan Kvekk

(elder Bivring) fraa skyborne Englar, fraa Profetar,

Sibyllor og kjempelege Stridsmenner, til ei gomol

Kjerring, som luter seg yver si Blomsterkrukka elder

eter sin einslege Dagverd, medan Middagsljosken,

kanskje nokot avdøyvd av ei Lauvbuska, fell inn

paa Skarve-Skautet (mob-cap) hennar og næmer Kanten

av Rokkahjulet og Steinkrukka hennar og alle

desse smaakostade Smaating, som ero kostelege Livs-

Naudsemder fyre henne. Elder eg snur meg til eit

Bondegards-Brudlaup, avhaldet millom fjore brune

Veggjer, der ein keiveleg Brudgum byrjar Dansen

med ei høgaksla breidleitt Brud, medan gamalvorne

og midaldrade Viner glosa paa, med myket skaplause

Nasar og Lepar og vel endaa med Drykkjustaup i

Handi, men med ei Utsyning av umistakande Veltykke

og Godvilje. «Fy», segjer min mynstersøkjande

Vin, «kvat er dette for armodslege Smaating! Kvat

godt er der i slikt Stræv til aa giva ei streng Likneskja

av gamle Kjerringar og Slampar? Kvat laagt

Livsstand! – kvat keivelege ljote Folk!»

Men kjære væne! Ting maa daa vera elskande,

um dei inkje ero altigjenom væne, vonar eg. Eg er

inkje rett stød paa, um inkje Størsteparten av Mannætti

hever voret ljot; og endaa imillom desse sokallade

«Herrar i Ætti si», det Britiske Slaget, ero

kubbutte Kroppar, ljotlege Nasar og borkutte Hamleter

inkje myket sjeldsynte Undantak. Men endaa

er der ein stor Deil av husleg Kjærleike imillom oss.

Eg hever ein Vin elder tvo med eit Andlitsskap,

som er slikt, at Apollo-Krullen yver Augnabrunom

deira vilde vera ovlege freistande (trying); men etter

mitt visse Vitende hava daa milde Hjarto sleget fyre

deim, og deira smaae Bilæte – vistnog finare, men

377

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!