25.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Skrifter i Samling III

FRIDTJOFS SAGA

I OMSKRIFT I DET NYERE LANDSMAAL.

FORTALE.

Dat er vist mange her i Landet, som hava høyrt gjetet «Fridtjof»

og leset um honom; men dat er inkje so mange, som hava leset

dan rette gamle Fridthjofs Saga. For dat heve gjenget med henne

som med ymse andra Fornskrifter, at ho heve voret umgjord med

nye Tilskot i dei seinare Tider, og desse nyare Umgjerderna hava

vordet myket meir vidkunnige en Fornskrifti sjølv.

Dan rette Fridtjofs Saga er ei av dei mange Sagor, som ero

skrivna i forna Tider, lenge fyrr en Prentekunsten var tilkomen,

og som sidan hava voret samnade og gjøymde til desse Tider. Ho

skal vera skrivi umkring Aaret 1300 og vonlega paa Island; men

baade Tid og Stad er myket uviss. Dat finst endaa tvo serskilda

Uppskrifter av henne, som ero myket lika i Tilburden, men ulika

i Stil og Ordalag, og dan eine er myket stuttare en dan andre.

Dei ero baada prentade i «Fornaldar Søgur» (Andre Bindet, Kjøbenhavn

1829), soleides at dan lengste Uppskrifti er sett som dan

fyrste og beste. Etter henne er dat, at denne Umskrifti er gjord.

Dat finst og ei Saga um Torstein Vikingson, Fader til Fridtjof;

men dan Saga ser ut til aa vera diktad, og er so full av Skrjonor

og Trollskap, at ein inkje kann rekna henne fyre annat en eit

Eventyr. I dan Maaten er Fridtjofs Saga myket betre; for her er

daa dei fleste Tilburdarne mogolege og trulege. Vistnog er dat inkje

fritt fyre Trollskap her helder; men dat er inkje meir, en som ofta

kann finnast i dei sannaste Sagor, og som ein lett kann orsaka,

naar ein veit, at denne Talen um Galder og Hamskifte og meir

slikt var aalmenneleg Tru i gamle Dagar og langt seinare, en daa

desse Bøkerna vaaro skrivna. Fyre di kunde Saga i seg sjølv vera

sannferdeleg lika fullt; men darimot kunde dat helder vera andre

Tildrag til Tvilsmaal um denne Saga, slike som dat, at desse Kongarne,

som her ero nemnde, finnast inkje nemnde i dei gamle

Ættartali fraa dan Tidi fyre Harald Haarfagre, og lika eins, at

Kong Ring’s Rike nemnest paa tvo elder tri Maatar (Ringarike,

329

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!