25.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

II Skrifter i Samling III

Føreord (1997)

Skrifter i Samling kom ut i tre band i 1911 (band I) og 1912

(band II og III), redigert av Knut Liestøl. Dette er den største

samleutgåva av skriftene til Aasen som har kome ut, og det er

eit sentralt referanseverk i litteraturen om Aasen. Det er ei

liste over dei ulike samleutgåvene i bibliografidelen på denne

cd-en.

Trass i storleiken er tittelen Skrifter i Samling misvisande.

Trebandsverket inneheld berre eit lite utval av den store produksjonen

til Aasen. Ingen av dei større verka (grammatikkane,

ordbøkene, Prøver af Landsmaalet, Norske Ordsprog) er

med, og det er heller ikkje ein del av dei artiklane som stod

på prent i levetida til Aasen. Sjå elles «Etterord» av Knut

Liestøl i dette bandet.

Skrifter i Samling vart på nytt tilgjengleg som bok i 1996

då Gyldendal gav ut ei ny fotografisk utgåve med etterord av

Kjell Venås. Dei tre banda er der samla i eitt band.

Denne elektroniske utgåva ligg tett opp til originalutgåva

i 1911–12, og sidenummera på boksidene er dei same. Dei

viktigaste skilnadene er:

1) innhaldslista er her flytt fremst, og dei nye sidene er

nummererte med romartal,

2) teiknet er bytt ut med «d. v. s.»,

3) rettingane som er førte opp lengst bak i bokutgåva er

førte inn i hovudteksten, og nokre prentefeil i bokutgåva

er retta utan at det er gjort greie for det i kvart einskild tilfelle,

4) nokre av overskriftene er retta slik at dei no er i samsvar

med originaltitlane på stykka.

Det er laga lenkjer slik at ein kjem seg frå teksten til merknadene

ved å trykkja på ved overskriftene.

Skrifter i Samling er skanna og korrekturlese av

Dokumentasjonsprosjektet ved Universitetet i Oslo.

Oslo, januar 1997

Oddmund Løkensgard Hoel

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!