25.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Skrifter i Samling III

Namn, som er reint framandt fyre so godt som alle

Folkeslag, og so vilja dei, at alle Folk skulo taka

og bruka det same Namnet og aldri tenkja paa

nokot annat Ord. Fyre eit grunnrikt og grunnfast

Bokmaal er no ikkje slike Nyskapningar til nokon

Skade, men fyre eit veikt og viklande Maal er det

verre, og helst hjaa eit Folk, som vyrder litet um

gamall Sedvane og derimot alltid er næmt og viljugt

til aa taka imot og apa etter alt det, som dei store

Folk hava funnet paa.

Der er no alltid einkvar, som vil segja, at vaart

Folk er for litet til aa hava nokot Bokmaal fyre seg

sjølv. Men her hever daa voret eit rett vyrdelegt

Bokmaal i Landet eingong fyrr, daa her nog ikkje

var so mange lesande og skrivande, som det no er.

Ein kann og stundom høyra slike Ord, som at eit

Bokmaal, som var grunnlagt paa vaart Bondemaal,

vilde føra Folket bakleides beint innetter i den verste

Villmannskapen og stengja oss ute fraa den aalmennelege

Upplysning og Vitsemd. Men no hever daa Sverike

eit Maal fyre seg sjølv, grunnlagt paa det Maalet,

som Landsfolket brukar, og likavel stend det

jamhøgt med andre Land i Upplysning og Vitsemd.

Og lika eins Holland, som helder ikkje er nokon stor

Landslyd men likafullt skal hava rett god Raad paa

Bøker i allskyns Lærdom og Vitendskap. Og kvat

skulo me segja um det litle Island med dei sjautti

Tusund Ibuar? Det vesle Folket hever alltid haldet

fast paa sitt gamle Bokmaal, men det hever ikkje

dermed stengt seg ute fraa Upplysningi; tvertimot

hever det jamnan havt gilde Bokmenner, som hava

skrivet fyre sitt eiget Folk og yversett gode Upplysningsbøker

fraa andre Maal lika upp til dei græske

og romerske Diktarar, so at der skal vera munarleg

Kunnskap hjaa Aalmugen og ei god Boksamning i

kvar Manns Hus. Det stod nylege i eit Blad, at Islendingarne

vaaro komne myket til atters ved sitt

213

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!