25.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

212 Skrifter i Samling III

til som Utlendingar. Men der er no den Ting til aa

hugsa paa, at ein skulde ikkje vyrda andre Landsfolk

so høgt, at ein dermed gløymde aa gjera Rett imot

sitt eiget Folk. Det skulde vel ikkje vera usømelegt,

um me kunde visa nokon Tilhug til Vyrdnad fyre

vaare Erveminne og vaare Ættarmerke og fyre den

Kjærleiken til desse Erveminne, som syner seg i sjølve

Maalet hjaa Landsens Folk. Det kunde vera hyggjelegt

aa tenkja nokot paa den Ting og. Var det ikkje

klokt, so var det daa alltid fagert.

Som det no alltid er so, at dei store Riki ero meir

vyrde en dei smaae, so verta og dei Maali mest

vyrde, som hava dei største Folketal fyre seg. Dei

smaae Folkeslagi vilja difyre alltid vera lokkade til

aa slaa seg saman med eit annat Folk, so dei dermed

kunde faa større Magt. Um der er fleire Folkeslag

i same Riket, so vil daa Riksstyringi helst, at

der skal vera berre eit Bokmaal i Riket og ikkje

fleire. Upplysningsmenner og Diktarar, som skriva

Bøker fyre Folket, vilja gjerna hava ein stor Lesarflokk;

dei tykkja, at det er modlaust aa skriva berre

fyre ein liten armodsleg Hop, og at dei kunde hava

so myket større Frægd og Æra, um dei fekk bruka

eit Maal med eit større Folketal. Og so er det no

mange og, som halda det fyre ei Uheppa, at der

skal vera so mange Tungemaal til aa mødast med,

og som difyre berre ynskja, at dei smaa Maalriki

skulde leggja seg inn under eit større, so at det

berre vart nokre faae store Bokmaal, slike som Tydsk

og Engelsk elder Fransk. Ja, der hever endaa voret

Tale um aa setja upp eit nytt Maal fyre heile Mannheimen,

eit «Pasilingva» elder «Volapyk», som dei

kalla det. Detta kann no vera ein vonlaus Freistnad;

men i ymse Smaating tykkjast me daa sjaa ei Framstemna,

som gjeng mest ut paa det same; me sjaa

so ofta, at naar Folk vil setja Namn paa ei ny Innreiding

elder ein ny Kunst, so dikta dei upp eit

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!