Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

aasentunet.no
from aasentunet.no More from this publisher
25.07.2013 Views

210 Skrifter i Samling III til Umtale. Naar dei framande Maalmenner skulde nemna dei nordiske Ordformer, so hadde dei berre tri Former til aa setja upp; det var 1) Islandsk (elder Gamallnordisk), 2) Svensk og 3) Dansk. Vaart Folk hever soleides ikkje komet til aa vera med; det hever stadet utanfyre; det hever (som dei segja) «glimrat ved sitt Fraavære». Vistnog hava no me, Landsfolk, alltid den Trøysti, at me under Namnet Islandsk (elder Gamallnordisk) jamt og stødt finna slike Ordformer, som me kunna so godt kjennast ved, til Exempel: auga, braut, laup, eik, reip, heim, fet, skot, kol, mold, vatn, botn, sumar; auka, leika, leita, skaka, reka, sopa, søkja, byggja, selja, telja, temja, dynja, stynja o. s. v. Og i slike Tilfelle maa me daa alltid tenkja, at detta er beint fram vaart eiget Maal. Men me vilja daa so gjerna, at ogso andre Folk skulde vita, at detta er vaart Maal. Og difyre kunna me ikkje finna oss rett fullnøgde med slike Uppstellingar som desse fylgjande: Tydsk G. Nord. Svensk Dansk habicht, haukr, høk, høg, mark, mergr, märg, marv, masche, möskve, maska, maske, mehl, mjöl, mjøl, meel, milch, mjolk, mjølk, melk, nosz, naut, nøt, nød. Her tykkja me alltid, at der vantar nokot; der kunde gjerna standa ei norsk Form jamsides ved, og me hadde ingen Grunn til aa blygjast fyre det. 1 1 Her faa me no likavel nemna, at der er daa iminsto ein av dei tydske Maalmenner (og ein av dei gildaste og) som steller dei norske Ordi upp jamsides med dei andre. Det er Professor R. Hildebrand, som er ein av deim, som arbeida paa aa fullføra den store tydske Ordboki, som Brøderne Grimm hadde gjort Upplag til. I dei Deilder av Ordboki, som han hever fullverkat, standa dei tydske Ordi i alle Tilhøve samanstellte med dei nordiske, og ikkje berre med dei svenske og danske, men ogso med dei

Skrifter i Samling III Men dei framande Maalmenner hadde ikkje seet nokot Bokmaal herifraa; dei hadde berre høyrt so ymist um, at det gamle Maalet vaart var daudt og burtfallet, so det berre stod atter nokre skarvelege Restar elder Leivningar i inste Avkrokom av Landet, der Folket endaa livde i gamall Villmannskap. V. SPURSMAAL UM RAADBOT. No kann det vera so rimelegt aa spyrja, um der ikkje skulde vera nokor Raad til Umbot i denne Saki elder um der aldri er Von til nokor Uppreisning. No er det fulla mange nog, som dertil vilja svara, at detta er no eingong umogelegt; det er gjort, som gjort er, og ingi Raad til aa gjera det upp-atter; og so er det daa ikkje nokot til aa trega paa helder; her er ikkje Torv til nokor Uppreisning; me hjelpa oss godt med det, som me hava. – Ja, dersom me hadde Lov til aa gløyma ymse vigtuge Ting, so kunde me no so i Tankeløysa segja, at det er alt godt nog, som det er; skulde me berre tenkja paa Kappstræv i Matvegen, so kunde det no vera det same med Maalet, anten me lærde oss Dansk elder Plattydsk elder Engelsk. Der er ingi Tvil um, at Landet vilde standa lika godt, at Gras og Korn vilde veksa lika viljugt, at Kyrna vilde mjølka lika godt, at Fisken vilde siga aat Landet lika tidlege, og at Embættesfolk vilde faa sine Aarspengar lika fullt. I ymse Tilhøve kunna me endaa hjelpa oss betr med eit framandt Maal en med vaart eiget, og i Samkvæme med Utlendingar greida me oss best, naar me skapa oss norske (etter den norske Ordboki). So til Exempel under Bokstav K i tydsk Kohle, G. N. og Norsk Kol, Svensk Kol, Dansk Kul. – Tydsk Kuh, G. N. Kyr (Ku), N. Ku, Kyr. Sv. Ko. D. Ko. – Tydsk Kupfer, Norsk, Isl. og G. N. Kopar, Sv. Koppar, D. Kobber. – Her finna me daa endelege ei Uppstelling, som me kunna vera fullnøgde med; og me skulde daa berre ynskja aa faa sjaa det same fraa fleire Maalmenner. 211

210 Skrifter i Samling III

til Umtale. Naar dei framande Maalmenner skulde

nemna dei nordiske Ordformer, so hadde dei berre

tri Former til aa setja upp; det var 1) Islandsk (elder

Gamallnordisk), 2) Svensk og 3) Dansk. Vaart Folk

hever soleides ikkje komet til aa vera med; det hever

stadet utanfyre; det hever (som dei segja) «glimrat

ved sitt Fraavære». Vistnog hava no me, Landsfolk,

alltid den Trøysti, at me under Namnet Islandsk (elder

Gamallnordisk) jamt og stødt finna slike Ordformer,

som me kunna so godt kjennast ved, til Exempel:

auga, braut, laup, eik, reip, heim, fet, skot, kol,

mold, vatn, botn, sumar; auka, leika, leita, skaka,

reka, sopa, søkja, byggja, selja, telja, temja, dynja,

stynja o. s. v. Og i slike Tilfelle maa me daa alltid

tenkja, at detta er beint fram vaart eiget Maal. Men

me vilja daa so gjerna, at ogso andre Folk skulde

vita, at detta er vaart Maal. Og difyre kunna me

ikkje finna oss rett fullnøgde med slike Uppstellingar

som desse fylgjande:

Tydsk G. Nord. Svensk Dansk

habicht, haukr, høk, høg,

mark, mergr, märg, marv,

masche, möskve, maska, maske,

mehl, mjöl, mjøl, meel,

milch, mjolk, mjølk, melk,

nosz, naut, nøt, nød.

Her tykkja me alltid, at der vantar nokot; der

kunde gjerna standa ei norsk Form jamsides ved,

og me hadde ingen Grunn til aa blygjast fyre det. 1

1 Her faa me no likavel nemna, at der er daa iminsto ein av dei

tydske Maalmenner (og ein av dei gildaste og) som steller dei

norske Ordi upp jamsides med dei andre. Det er Professor R.

Hildebrand, som er ein av deim, som arbeida paa aa fullføra den

store tydske Ordboki, som Brøderne Grimm hadde gjort Upplag

til. I dei Deilder av Ordboki, som han hever fullverkat, standa

dei tydske Ordi i alle Tilhøve samanstellte med dei nordiske, og

ikkje berre med dei svenske og danske, men ogso med dei

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!