25.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Skrifter i Samling III

Flagg og Fanor, ved Riksvaapen og Skjoldemerke;

men alt detta er daa berre som eit Bumerke elder

ei Utanpaaskrift, medan derimot Maalet er nokot,

som viser inn i sjølve Hugen og Tankelaget hjaa eit

Folkeslag. «Maalet er Saali i Landslyden, det er

Landslyden sjølv,» segjer ein hollandsk Maalmann.

Men naar no ein Landslyd aldri fær nokor Greida

paa, kvat som er hans rette Maal, og han so alltid

fær høyra, at det Maalet, som Forfederne hadde,

er uduglegt og ubrukande, so kann det snart skeiva

so til, at han ikkje hever nokot annat Maal en det,

som han laaner av andre Folk. Og daa er det rette

Folkemerket burtkastat.

Og so er det tilsidst aa merka, at naar ein Landslyd

ikkje hever Skrift elder Bøker fyre seg sjølv og

ikkje visar seg fyre andre Folk med nokot Arbeid i

Skrift elder Tale i sitt eiget Maal, so er det Von til,

at han lett vil vera avgløymd og aldri paahugsad

imillom dei Folk, som hava Bokmaal og Bokrike

etter eigen Tilskapnad. Um han endaa kann hava

eit godt Maal fraa gamall Tid, so vil det ikkje hjelpa,

so lenge som andre Folk ikkje vita nokot av det

elder sjaa nokot Merke til det. Detta hava me no

her hjaa oss eit godt Exempel paa. Som kunnugt

er, hever Maalkunnskapen i seinare Tider gjort overslege

store Framstig, med di at lærde Menner paa

ymse Stader, og fyrst og fremst i Tydskland, hava

drivet so trottugt paa aa røkja etter, kvar alle Ord

ero komne ifraa, og kor mange Maal det er, som

hava eit visst Ord, og korleides Ordet hever skapat

seg til i kvart Maal. Soleides hava dei daa i sine

Ordbøker mange Samanstellingar av dei «germaniske»

Maalom, det er Tydsk og Engelsk, Hollandsk og

Nordisk; og i denne Uppstellingi viser det seg daa

alltid, at det gamle «nordiske» (Gamlemaalet vaart)

hever ein høg Rang imillom dei samskylde Maalom;

men nokot nyare Maal i vaart Land hever ikkje komet

209

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!