25.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

208 Skrifter i Samling III

det nye Maalet, som til Ex. Ø (Rødø, Egerø, Kragerø),

Ør (Vigøren, Brattøren), Steen (Udsteen, Hvidsteen),

Gaard (Østgaard, Ødegaard), Bo (Sparbo, Selbo)

og dilikt. Med alt detta vardt no Bokmaalet som ein

serleg Eigedom fyre eit litet Lag av Folk, som anten

vaaro framande elder hadde gjort seg framande og

som ikkje vilde hava nokot Samlag med Landsens

Aalmuge. Og so maatte det daa med Tidi verta ei

aalmenneleg Tru, at slike Ord, som berre vaaro

norske og ikkje annat, skulde berre vera Skrap og

og Avrak, som ikkje dugde til nokor Velsemd. Og

lika eins var det med slike Ordskap og Endingar,

som ikkje høvde til Dansken; dei Bygdarmaali, som

hadde mange slike Former, vaaro haldne som forfuskade

og utskjemde; dei som hadde minst av det

gamle, vaaro vyrde som dei beste, og den eine

Bygdi log aat den andre til største Moro fyre dei

framande, som just gjorde Narr av deim alle i Hop.

I slik Framstemna kunde der no aldri skapa seg

nokon landshøveleg Talekunst soleides som i andre

Land. Naar ein Aalmugemann skulde halda ein Tale

til ei Folkesamning, so vart det jamnaste berre i eit

Bymaal, som var mest det same som Dansk; og dei,

som talade lettføraste, var dei, som vaaro uppvaksne

med Bymaal og som aldri hadde lært nokot Bygdarmaal.

Hadde no det gamle Bokmaalet voret betre

kjent imillom Landsens Folk, so vilde Folket deri

hava funnet ei Mynsterform, som alle Bygdarmaali

kunde stydja seg til; og den beste Talaren vilde

daa vera den, som heldt seg mest til det gamle. Og

ein slik Talekunst vilde daa vera eit godt Merke paa,

at Folket i Landet var eit Folkeslag, som høyrde til

Landet fraa gamle Tider, elder med andre Ord, at

det var ein einskild Landslyd (Nation) med si eigi

ervelege Landslydska. Det er daa Tungemaalet, som

elles er det tryggaste Merket paa Folkeslaget. Eit

Folkeslag kann vel merkja seg ut fraa andre ved

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!