Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

aasentunet.no
from aasentunet.no More from this publisher
25.07.2013 Views

200 Skrifter i Samling III detta gamle Bokmaalet, so skulde ein vona, at det vel maatte hava nokot atter av dei gamle Dygder, so det ikkje endaa var so reint burtkastande. Maalskapet elder Maalformi er i dei gamle Skrifter allstad den same, so framt som dei ero fraa same Tid. Um Kvardagsmaalet derimot hever voret allstad likt, er nokot vandt aa vita, snaraste skulde ein vona, at det i eit so tunnbygt Land maatte vera nokot ulikt; men dei gamle Skrifter visa ikkje Merke til nokot Bygdarmaal, og iminsto ikkje til nokon Skilnad, som hever nokot stort aa tyda. Ymse Merke til Skilnad i Maalføret skulde ein snaraste venta aa finna i dei mange Vitnebrev (elder Dokumenter), som no ero utgjevne i ei stor Samning under Namn av Diplomatarium norvegicum, og som jamnaste handla um Kaup og Skifte og Gaavor og andre dilike Avgjerder og Samgreidor imillom Folk i Bygdom. Slike Brev finnast no alt ifraa trettande og fjortande Aarhundradet, og dei hava daa den Fyremunen, at dei alltid nemna Gardsnamn og Aarstal, so at ein radt kann sjaa, kvat Tid og Stad dei ero komne ifraa. Og daa der no er slike Brev fraa mest alle Deilder av Landet, so kunde det just her vera Von til aa finna nokot ulikt i Maalet; men i Grunnen so er der ofsa litet ulikt. Det einaste, som hever nokot større Vegt, er det, at nokre Brev hava Endingi «ar» elder «ur» i Staden fyre «r» (er), til Exempel: liggar og liggur fyre liggr (ligger). Elles er der no, som ventande kann vera, myket ustødt og ruglande i Skrivemaaten (til Ex. tuft og tupt, heldr og hælder, vikor og vikur); men detta gjerer no ikkje nokot stort Avbrøyte. I sjølve Maalet, so som i Ordskap og Ljodlag, er der so godt som ingen Skilnad; dei hava skrivet lika eins paa Austlandet som paa Vestlandet, og der er alt Likinde til, at Folk hava talat lika so godt Norsk i Oslo og Tunsberg som paa Vossevangen. Fyrst nokot seinare, so som i femtande Aarhundrad,

Skrifter i Samling III kjem der større Skilnad, med di at sume av Brevom bregda meir paa Dansk, og stundom paa Svensk og. No kunde me aldri venta, at Kvardagsmaalet hjaa Aalmugen no i vaar Tid skulde vera lika rikt og reint og stødt i Ordlaget som det gamle Bokmaalet. Der er ymse gamle Ord, som no synast aa vera avgløymde, og ymse andre, som berre hava haldet seg uppe i ein og annan Avkrok av Landet. Det kann stundom hava seg so, at Ordet gjekk av Bruk, av di at den Ting, som Ordet nemnde, var sjølv komen av Bruk; men det kann vel oftaste hava sin Grunn deri, at Folket aldri fekk sjaa desse Ordi i Skrift og difyre ikkje fekk nokor Minning um deim. So kann det og vera mange slike Ord, som endaa i gamle Dagar vaaro litet kjende; soleides dei mange prydelege Ord, som Skaldarne hadde brukat i sine snyrtelege og høgstillte Vers, og som vel ikkje hadde voret i nokot sedvanlegt Bruk hjaa Aalmugen. – Og so som det hever gjenget med einskilde Ord, so hever det og gjenget med ymse Former elder Ordskap, og helst med dei sokallade Bøygningsformer, med di at sume av deim ero burtfallne (so som Personsformerna i Verbet), og ymse andre hava vortet myket skjeplade og utydelege, so som Eigefallet (Genitiv) i Namnordom, og Vonalaget (Konjunktiv) i Verbet. Elles er no detta nokot, som hever gjenget lika eins i andre Maal, der det helder ikkje no er so mange Bøygningsformer, som det fyrr hever voret. I sjølve Ljodlaget (Lydsystemet) hever Aalmugemaalet so god Samstevja med det gamle Bokmaalet, at det mest berre er eit Par Avbrøyte, som her er verdt aa nemna. Det eine er, at den gamle Medljoden pb (th) hever her (som i Svensk og Dansk) gjenget yver til «t» i dei fleste Tilfelle, og til «d» i nokre faae Ord. (Ex. takka, tekkja, ting; daa, dei, denne). Det andre er, at «hv» som vidaste no heiter «kv» (Ex. kvass, kvit, kvila), og at «h» er jamnaste 201

Skrifter i Samling III

kjem der større Skilnad, med di at sume av Brevom

bregda meir paa Dansk, og stundom paa Svensk og.

No kunde me aldri venta, at Kvardagsmaalet hjaa

Aalmugen no i vaar Tid skulde vera lika rikt og

reint og stødt i Ordlaget som det gamle Bokmaalet.

Der er ymse gamle Ord, som no synast aa vera avgløymde,

og ymse andre, som berre hava haldet seg

uppe i ein og annan Avkrok av Landet. Det kann

stundom hava seg so, at Ordet gjekk av Bruk, av

di at den Ting, som Ordet nemnde, var sjølv komen

av Bruk; men det kann vel oftaste hava sin Grunn

deri, at Folket aldri fekk sjaa desse Ordi i Skrift og

difyre ikkje fekk nokor Minning um deim. So kann

det og vera mange slike Ord, som endaa i gamle

Dagar vaaro litet kjende; soleides dei mange prydelege

Ord, som Skaldarne hadde brukat i sine snyrtelege

og høgstillte Vers, og som vel ikkje hadde voret

i nokot sedvanlegt Bruk hjaa Aalmugen. – Og so

som det hever gjenget med einskilde Ord, so hever

det og gjenget med ymse Former elder Ordskap, og

helst med dei sokallade Bøygningsformer, med di at

sume av deim ero burtfallne (so som Personsformerna

i Verbet), og ymse andre hava vortet myket skjeplade

og utydelege, so som Eigefallet (Genitiv) i Namnordom,

og Vonalaget (Konjunktiv) i Verbet. Elles er

no detta nokot, som hever gjenget lika eins i andre

Maal, der det helder ikkje no er so mange Bøygningsformer,

som det fyrr hever voret.

I sjølve Ljodlaget (Lydsystemet) hever Aalmugemaalet

so god Samstevja med det gamle Bokmaalet,

at det mest berre er eit Par Avbrøyte, som her er

verdt aa nemna. Det eine er, at den gamle Medljoden

pb (th) hever her (som i Svensk og Dansk)

gjenget yver til «t» i dei fleste Tilfelle, og til «d» i

nokre faae Ord. (Ex. takka, tekkja, ting; daa, dei,

denne). Det andre er, at «hv» som vidaste no heiter

«kv» (Ex. kvass, kvit, kvila), og at «h» er jamnaste

201

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!