25.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

196 Skrifter i Samling III

med di at det skil seg i ymse Ordskap elder Former,

som hava Heimstad i den eine Landsbolken og ikkje

i den andre. Detta er no slett ikkje nokot undarlegt

elder uskaplegt; for me høyra daa alltid, at der er

same Skilnaden i andre Land og Rike, og helder

ikkje kunde me annat venta i eit Land, som er so

vidgjengt og tunnbygt som vaart Land. Men under

all den Skilnad, som soleides kann syna seg, vil ein

daa med grannare Ettersyn kunna finna, at der er

meir likt en ulikt, og at der i det heile er god Samstevja

og Sameign baade i Ordfylla og i Ordskap

og i Grunnlaget i sjølve Bøygningi, so at me kunna

ikkje annat en kalla det eit Maal fyre seg sjølv, jamskaplegt

og jamverdugt med dei Maal, som gjelda i

andre Land og Rike. Detta Maalet er det som me

hava kallat Landsmaal. Det hever sitt Samhøve med

ei Maalform, som viser seg i gamle norske Skrifter

og som me seinare skulo tala um.

Jamsides med detta ervelege Tungemaalet hava me

elles fenget eit Bokmaal, som me jamt hava voret

tilhaldne til aa bruka i all vaar Skrift og som me og

ero vane til aa høyra i Kyrkja og Thingstova og

dertil jamnaste i Skulen og. Detta Maalet er ikkje

heimevakset her i Landet; det er det same, som me

finna i danske Bøker og er innkomet hertil fraa Danmark.

Difyre er det no mest det same, um ei Bok

er skrivi i Norig elder i Danmark, og den einaste

Skilnad kann vera, at ein elder annan norsk Bokstilar

hever brukat nokre faae norske Ord, som ikkje ero

gjengelege i Dansk; men detta hever no ikkje stort

meir aa tyda, en som naar ein dansk Forfattar brukar

ymse fyenske elder jydske Ord, naar han skriv

um Fyen elder Jylland. Og helder ikkje fell det alltid

samhøvelegt aa innføra norske Ord i den danske

Skrift, av di at det danske Maalet hever eit heilt

annat Ljodlag, so at ei dansk Ordform stundom kann

svara til tvo elder tri norske, til Exempel: Hede til

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!