25.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Skrifter i Samling III

fyre, at Folk ikkje vilde høyra nokot meir av det

Slaget. Men med alt det, som er sagt og skrivet,

synest eg endaa, at der er ymist, som vantar, med

di der ofta var lagt for myki Vegt paa smaae Ting

og for liti Vegt paa dei store. Og dertil med hever

der nogo ofta komet ymse Avsnuingar og nye Vendingar

i detta Maalemnet, so at det vel kunde vera

Torv til, at Saki eingong vart førd inn-atter paa det

rette og rimelege Grunnlag. Eg hever no fyrr skrivet

myket um denne Saki; men so tyktest eg daa alltid

hava myket meir til aa segja en det, som eg fekk

Tilhøve til aa skriva. Og difyre vilde eg no endaa

freista paa aa setja fram nokre Uppteikningar, som

kunde tena til ei liti Rettleiding fyre ein elder annan,

som vilde tenkja nokot meir paa slike Ting. Vistnog

kann det vel henda, at eg dermed stundom kjem til

aa taka uppatter nokot, som fyrr hever voret sagt;

men daa eg no alltid ser, at dei, som strida fyre ein

annan Skynsmaate, driva det myket paa den Maaten,

at dei idelege taka uppatter sine eigne Ord, so tykkjer

eg, at det kann ikkje vera meir forbodet fyre

den eine en fyre den andre. Elles er der no so

mange Smaating til aa røda um, at eg helder lyt

sjaa til aa vera nokot stuttmælt og ikkje gjera altfor

lange Utflog i Talen. Og daa me so ofta verta brigslade

med, at me berre skriva um Landsmaalet i eit

annat Maal, so etlar eg no denne Gongen aa skriva

i det same Maalet, som her kjem under Umtale.

I. LANDSMAAL OG BOKMAAL.

Det er kunnugt nog, at det Tungemaalet, som

Størstedeilen av Aalmugen her i Landet brukar, ikkje

er heilt det same som det Maalet, som me bruka i

Skrift og som Folket soleides fyrst maa læra seg til aa

lesa og skriva. So er det og kunnugt, at det Maalet,

som høyrer Aalmugen til, er helder ikkje allstad likt,

195

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!