25.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

170 Skrifter i Samling III

i si fullkomnaste Form, at det maa verda reinskat

fyre dei verste framande Tilsetningar, aukat og rikat

(beriget) ved Avleiding av si eigi Rot og etter sine

eigne Reglar, og soleides uppreist og adlat ved eit

verdigt Bruk;

og at denne Hevdingi maa vera baade til Gagn

og Æra fyre Landsens Folk, med di at dette er den

beste Maate til at maalgreida (udtrykke) det heimelege

Laget i Hugen og Tanken aat Folket, og til at

fremja Kunnskap og Vithug (elder den einaste rette

og sanne Kultur), og med det same til at visa Verdi,

at ogso dette Folket hever Vit til at vyrda det gode,

som det hever fenget til Arv og Heimanfylgja fraa

uminnelege Tider.

Og hermed maa no desse Umrødorna hava ein

Ende. Dei hava kanskje vordet alt for lange, av di

her var so mange undarlege Ting at tala um. Ein

skulde synast, at dei Folk, som ero imot denne Saki,

maatte hava vissare Grunnar til at setja fram; ein

skulde venta, at dei vilde segja, at dette er nokot

nytt og ukjent, som vilde verda deim til Møda, at

det er deim nokot uvant, som dei inkje finna Smak

i, at dei soleides inkje kunna vera med og taka Lut

(Deel) i det, og at dei fyre sin Part inkje tru, at det

kann hava nokon stor Framgang. Hadde dei teket

Saki paa den Maaten, so var det altsaman rimelegt

og nokot, som ingen kunde undrast paa; det var

nokot, som ein kunde tala fint og fagert um, og det

burde ingen hava sagt deim eit vondt Ord fyre den

Skuld. Men naar dei no koma og vilja døma Maalet

berre etter sin eigen Smak og Vane, tvertimot all

Maalkunna, og utan Umsyn til den Rett, som Landsens

Folk maatte hava, so er dette nokot, som krever

ei skarpare Motsegn; dette duger inkje til nokor

Greiding av Saki; det fører inkje til nokot Framstig

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!