Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

aasentunet.no
from aasentunet.no More from this publisher
25.07.2013 Views

168 Skrifter i Samling III Saki skulde fullførast. Der maa daa finnast ymse Merke paa, at dei hava tenkt lika so myket paa Utføringi som paa Grunnlaget; og um det no kann ganga nokot seint med at visa slikt i Gjerningi, so er det daa alltid Raad til at visa fleire Prøvor og betre en dei, som hava voret framviste hittil. Det hever eit annat Lag med den, som kann eit Maal, en med den, som inkje kann det. At ein, som inkje kann det, maa standa fast og verda raadlaus, er ein sjølvgjeven Ting; men difyre skal han inkje tru, at ingen annan skal kunna. Og no trengst det inkje meir fyre det fyrste, en at det skal vera nokre, som kunna skriva, og nokre, som vilja lesa i dette Maalet; og naar dei lesande ero so mange, at dei kunna kaupa Upplag av prentade Bøker, so er det alt nokot til at byrja med; og sidan kann det vel verda meir med Tidi. Og so er det eit gamalt Ord, at det, ein inkje kann, det kann ein læra. Ein lærer Tydsk, ein lærer Engelsk, ein lærer alt det, som ein tykjer Umaken verdt at læra; soleides kann ein ogso læra Norsk, naar ein hever nokot fyre seg til at læra av. Fyre Byfolk verd det inkje stort vandare en at læra Svensk; og fyre Landsfolk verd det inkje stort vandare en at læra eit nytt Bygdarmaal, naar ein er komen til eit annat Fylke i Landet. Og so er det ogso eit gamalt Ord, at det, som inkje kjem i Aar, kann koma eit annat Aar. Det kann kanskje ganga nokot ustødt i Fyrstningi baade med dei skrivande og dei lesande; men so er det ogso kunnigt, at dess lenger ein skriv i eit Maal, dess betr lærer ein at skriva; og dess meir Folk lesa, dess betr lesa dei. Og soleides kann ein læra nokot um Senn av dette som av alt annat. Og den, som inkje vil læra, kann lata det vera, som fyrr er sagt. Dette kann alt vera nog fyre deim, som tru, at det finst Vit og Næme hjaa vaart Folk so vel som

Skrifter i Samling III hjaa andre. Til den, som inkje vil tru nokot annat en det, han seer fyre Augom elder hever seet «Exempel» paa, vita me inkje nokot betre at segja, en at det er best, at han bidar til dess han fær sjaa nokot meir av dette; for endaa hever ingen seet Prov paa, at Tingen er umogoleg. Det er i Gjerningi at slike Tankar best kunna syna seg, og slikt kann inkje lett lata seg gjera paa eit Aar elder tvau, men likavel kann det verda gjort med Tidi, naar Saki verd drivi paa rette Maaten. Det hender mangt, som inkje alle kunna skyna. Eg hever høyrt fortelja um ein Sjomann paa Bergens-Sida, at daa han fyrste Gongen saag ein Eimbaat, sagde han, at denne Baaten var ein spotteleg Ting, som vist maatte venta seg Hemn og Refsing, fyredi han gjekk beint imot Guds Vedr og Vind. Men i Millomtider hever Eimbaaten gjenget sin Gang og fenget fleire til seg, og ingen hever seet nokor Refsing. Naar Bønder soleides visa Uvilje mot nye Ting, som dei inkje hava Skyn paa, so plaga dei faa høyra ei gomol Visa um, at dei ero gapne og skynlause, fulle av Fordomar, faatenkte og nærsynte og trongrømde (bornerede) i sine Skilningar. Men Fordomar og trongrømde Skilningar kunna stundom finnast hjaa andre en berre Bønder; og vist er det, at dei maa møtast med Grunnar og betre Upplysningar, kvar som helst dei finnast. Men det vilja me tenkja, at der alltid vil finnast Folk, som kunna skyna og samtykkja desse Setningarne, at det rette heimelege Maal i Landet er det, som Landsens Folk hever ervt ifraa Forfedrom, fraa den eine Ætti til den andre, og som no um Stunder, til Traass fyre all Fortrengsla og Vanvyrding, endaa hever Grunnlag og Emne til eit Bokmaal, lika so godt som nokot av Grannfolka-Maali; at den rette Medferd med dette heimelege Maalet er, at det maa verda uppteket til skriftleg Hevding 169

Skrifter i Samling III

hjaa andre. Til den, som inkje vil tru nokot annat

en det, han seer fyre Augom elder hever seet «Exempel»

paa, vita me inkje nokot betre at segja, en

at det er best, at han bidar til dess han fær sjaa

nokot meir av dette; for endaa hever ingen seet Prov

paa, at Tingen er umogoleg. Det er i Gjerningi at

slike Tankar best kunna syna seg, og slikt kann

inkje lett lata seg gjera paa eit Aar elder tvau, men

likavel kann det verda gjort med Tidi, naar Saki verd

drivi paa rette Maaten. Det hender mangt, som inkje

alle kunna skyna. Eg hever høyrt fortelja um ein

Sjomann paa Bergens-Sida, at daa han fyrste Gongen

saag ein Eimbaat, sagde han, at denne Baaten var

ein spotteleg Ting, som vist maatte venta seg Hemn

og Refsing, fyredi han gjekk beint imot Guds Vedr

og Vind. Men i Millomtider hever Eimbaaten gjenget

sin Gang og fenget fleire til seg, og ingen hever seet

nokor Refsing. Naar Bønder soleides visa Uvilje mot

nye Ting, som dei inkje hava Skyn paa, so plaga

dei faa høyra ei gomol Visa um, at dei ero gapne

og skynlause, fulle av Fordomar, faatenkte og nærsynte

og trongrømde (bornerede) i sine Skilningar.

Men Fordomar og trongrømde Skilningar kunna stundom

finnast hjaa andre en berre Bønder; og vist er

det, at dei maa møtast med Grunnar og betre Upplysningar,

kvar som helst dei finnast.

Men det vilja me tenkja, at der alltid vil finnast

Folk, som kunna skyna og samtykkja desse Setningarne,

at det rette heimelege Maal i Landet er det, som

Landsens Folk hever ervt ifraa Forfedrom, fraa den

eine Ætti til den andre, og som no um Stunder, til

Traass fyre all Fortrengsla og Vanvyrding, endaa

hever Grunnlag og Emne til eit Bokmaal, lika so

godt som nokot av Grannfolka-Maali;

at den rette Medferd med dette heimelege Maalet

er, at det maa verda uppteket til skriftleg Hevding

169

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!