25.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Skrifter i Samling III

FEMTE RØDA.

(Or Christiania-Posten fyre 3dje December.)

Det høyrer meir til eit Kultur-Maal en berre ein

formleg (formell) Rikdom; ein slik Rikdom hjelper

til ingen Ting, sosnart som desse Formerna i Grammatik

og Ordbok inkje heilt og haldet samsvara til det

indre Fremda-Stig (Dannelsestrin), som Folket er komet

til; og eit høgre Kultur-Stig krever andre Former en

eit laagare. – Um Ljodlag og Formlag og Ordskapnad

er altsaman nog so vænt i Aalmuga-Maalet, so

kann det endaa vera lika uført fyre ein Kultur, som

høver til Tidi. Og det er det; for det stend paa eit

myket eldre maalkunnelegt Stig (lingvistisk Standpunkt)

i alle Maatar en vaart Bokmaal. 1

UMRØDA.

At eit høgre Stig i Upplysning vil stundom krevja

ei større Ordmengd en eit laagare Stig, er nokot,

som inkje hever voret motsagt; men at det skulde

1 Denne Røda er her teki serskilt, fyredi ho inkje vilde rett fella

saman med dei fyregangande Rødorna. Um desse Ordi ellers

skulo takast som ei Kjerne-Setning, er vandt at vita; for det er

inkje lett at finna nokon Kjerne i dette Stykket i Posten. Der

er talat myket att og fram, og ofta med slik ein kunstig Sving,

at naar ein skal til at heimføra det paa sjølve Saki, so veit ein

inkje rett, kvarhelst det skal høva. Det, som ein snaraste seer,

er det, at Innsendaren hever havt ein stor Hug til at giva Folk

Lastord. Motstandaren i «Nyhedsbladet» fær soleides riklega

paasmurt; han verd inkje berre skuldad fyre «Fraser» og «Manøvrer»

og urette Skilningar, men endaa fyre «komplet Konfusion»

og «komplet Misforstaaelse av baade Maal og Kultur».

Men alt slikt er no lettare at segja en at sanna; og det seer inkje

ut til, at der er framkomet nokot fullnøgjelegt Prov paa, at desse

Skuldingarne ero sanne. Det kunde endaa henda seg, at sumt

av dette vilde høva just paa sjølve Stykket i Posten. Der er f.

Ex. talat um «Fraser», og no er der millom annat ei Setning i

Posten, som lyder paa Lag som so: «Naar Aalmugamaalet inkje

hever tilskapat nokot Bokmaal av seg sjølv, so er det fyredi, at

det i Grunnen vantar Liv; men Liv er Framstig, og Framstig

163

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!