25.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

162 Skrifter i Samling III

paa dei rette Ordi; men slikt kann alltid retta seg

med Tidi, naar betre Rettleidingar koma til. Det er

ellers merkande, at det trengst ei god Maalkunna til

at døma um, kvat som her er rett elder urett; fyre

ukunnige Folk vil det stundom sjaa ut, som um det

var Fusk altsaman, um det endaa hever den beste

Grunn. Men det vil daa ogso vera eit stort Fusk,

som skulde vera verre en den Skøyteløysa at taka

Ord ifraa alle Heimsens Hyrnor og slengja inn i

Maalet og soleides stopla upp ei uhorveleg Mukka

av framande Ord med blinde Tankar, som ingen

skynar til Gagns, fyrr en han hever studerat tvau

elder try andre Maal. Slikt skulde helder kunna liknast

med Møkkurkalven. Ein Talsmann fyre Dansken

hever her litet til at skrøyta av. Til Traass fyre den

umtalade Aarhundrada-Hevdi, er det daa knapt eit

hundrad Aar sidan Dansken fekk nokorlunda den

Form som han no hever, og endaa stend det inkje

betre til, en at det finst i minsto tvo serskilde Skrivemaatar;

ja det verd endaa stundom sagt, at kvar

Skrivande hever sin eigen Maate. Men slikt er aldri

verdt at taka til Exempel, og inkje trengst det um

det helder, sidan det no er betre Aatgang til ei god

Maalkunna, en det hever voret i fyrre Tider. Og

kor det no kann vera med dette, so skulde me

tru, at ein Freistnad paa at reinska Maalet, og tilskipa

nye Ord av dei gamle Røter i sjølve Maalet,

maatte vera ei god Gjerning, som helder skulde

hava Lov en Last. Og paa den Maaten er det

ogso, at dei beste Maali hava fenget si Fylla og sin

Førleike.

Og soleides enda me denne Umrøda som dei fyrre

med det, at me inkje hava funnet Grunnar, som vaaro

sterke nog til at venda oss ifraa den Tanken, som me

fyrr vaaro komne til.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!