25.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Skrifter i Samling III

av tydske Ætter; og av slike maa der vist vera

mange baade i Danmark og Norig, sidan me finna

so mange tydske Ættarnamn i Avisom og Adresse-

Bokom. Men nog derum; me lasta korkje Tydsken

elder Borni hans; men det er vaar fyrste Skylda

(Pligt) at tenkja paa vaart eiget Landsfolk, og desse

Folki trenga stundom til nokot, som korkje er Tydsk

elder Dansk; dei hava Rett til at krevja nokot, som

hever ein heimeleg Klang, og det skulde vel inkje

vera nokot Narreverk at hjelpa deim til at faa dette

Kravet uppfyllt.

Enden paa heile det store Stykket er den, at av

slikt Stræv kjem berre eit Spotteverk utan Liv og

Førleike, ein «Møkkurkalf» av Leir med eit Merrarhjarta.

Dei sidste Ordi skulde vist hava myket paa

seg, sidan dei stodo prentade med store Bokstavar.

Men eg kann slett inkje finna nokon Visdoms-Brunn

i desse Ordi. Møkkurkalve 1 var ein Leirmann, som

Jøtnarne (Jutlarne) hadde gjort til ei Skræmsla fyre

Thor, som dei stridde med; dei gjorde honom so

stor, at han var nio Raster (Miler) høg og tri Raster

yver Akslerna, og so toko dei eit Hjarta or ei Merr

og sette i honom, men det var for litet til slik ein

Kropp, og difyre var han so rædd og modlaus, at

Drengen, som Thor hadde med seg, slog honom

ned utan Motstand. Eg veit inkje, kvat Likning

dette skal hava med denne Maalfreistnaden; her er

ingen, som hever tenkt at dikta eit Maal av ingen

Ting; her er berre tenkt paa at taka eit fyreliggjande

livande Maal og reinska og dyrka det paa same Maaten

som andre Maal. No kann det alltid vera so, at

ein slik Freistnad vil vera nokot ustød i Fyrstningi,

med di at det er inkje alle, som strakst kunna raaka

1 I Edda heiter det Møkkurkalfi, vonlega so myket som «Sky-

Leggen». Kalve er Tjukkleggen paa ein Fot, og Møkkur

skal tyda Sky elder Skodda. Med «Kalv» hever det inkje at

gjera.

161

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!