25.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

152 Skrifter i Samling III

av same Uppkoma og soleides nokorlunda med

same Hug og Seder, med same Maal og same Minne.

Naar no slikt eit Folkaslag kann bu i eit Land fyre

seg sjølv og skipa eit Rike, soleides som vaart Folk,

so er det ein Landslyd. (Lyd er Familie.) No er

Bondestandet alltid den største Parten i vaar Landslyd;

og naar det no er avgjort, at Bønderne ero

Landsens upphavlege (oprindelige) Folkaslag, og at

deira Maal er Landsens upphavlege Maal, so er det

ogso avgjort, at dette her er det heimlege, tjodlege

elder nationale Maalet; det er dette, som høyrer

Landet og Folket til. Kunnskap elder Kultur kjem

inkje denne Saki ved; Folket kann trenga til Upplysning,

og Maalet kann trenga til Dyrkning; men

dette er eit annat Spursmaal, og derav fylgjer inkje

at baade Folket og Maalet skulde vera uduglegt.

Naar no Tidahøvi hava medført, at eit Bokmaal fraa

eit annat Land er vordet kunnigt her i Landet, og

at ymse Ætter hava lært seg dette Maalet, so er

dette vistnog ein «historisk» Tilburd; men endaa

kann ingen segja, at dette innførde Maalet skulde

no vera det rette heimlandske elder tjodlege (nationale)

Maalet, elder at dei Folk, som tala det, skulde

no vera den rette Landslyden. Dette vilde vera at

snu alle Ting paa tvert. Det innførde Maalet hever

her ingen Rett utan den, som Magt og Tvang elder

Ovrike kunde giva det; og den Retten varer inkje

lenger, en medan Magti varer; sidan er det alltid

Raad til at reisa det rette Maalet uppatter, og um

det endaa kann ganga smaatt i Fyrstningi, so er dog

Tanken lika mogoleg fyre det. Alt dette, skulde me

tru, maatte vera so greidt og klaart, at det vilde

vera ein drjugvoren Djervskap, som skulde neitta det.

Men naar det no skal heita, at det norske Bondestandet

stend paa eit slikt Villmanns-Stig (elder «barbarisk

Standpunkt»), at um det endaa hadde Regjering

og Embættesmenner fyre seg sjølv, so skulde

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!