25.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

150 Skrifter i Samling III

13 hundrad Tusund, som tala Bondemaalet, imot dei

andre, som inkje tala det; men dette Bruk av Tal

er her utan Meining. «Ja, naar desse 1 200 000 budde

fyre seg sjølv og hadde millom seg sjølv alle Elementi

fyre ein Nation, hadde Riksskipnad og Regjering,

Fylkestyring og Prestar o. s. v. fyre seg sjølv,

so vilde det kanskje (!) inkje vera nokot umogolegt

i, at dei igjenom nokre Aarhundrad’s Barbaraskap (!)

smaatt um Senn kunde tilskapa ein eigen national

Kultur og eit eiget Kultur-Maal.» Men no stend inkje

Bonden soleides einsaman; han gjerer berre eit Stand,

og dette Standet er «knytt fast til dei andre Standi

og til eit heilt Kultur-Samlag, som alt no stend paa

Høgdi av si Tid og eiger ein Tankarikdom og eit

Maal, som seter det i Stand til at kappast med dei

mest civiliserade Nationer i Europa; og ved den alt

vidare og vidare avgreinade Innverknad, som dette

Samlaget hever, verd ogso Bondestandet meir og

meir dreget inn i Tryllekvervet under Civiliseringi

og lyft upp til eit Stig, som det kanskje aldri, og i

alle Fall berre gjenom myrke Aarhundrad’s Stridar,

vilde hava naatt, naar det var yverlatet til seg sjølv.»

UMRØDA.

Dette var ei stor Røda, ovlega stor i mange Maatar;

og difyre hever ho ogso givet Tilføre (Anledning)

til mange Umrødor, so at naar alt skulde koma paa

Prent, so vilde det verda nokot drjugt. Men her faa

me freista at halda oss til Saki og vera so stuttmælte,

som me kunna.

Um no «Bønderne» ero berre ein Deil av Landslyden,

so er det daa vist, at denne Deilen er større

en dei andre. Vistnog leggja me inkje stor Vigt paa

Talet 1 200 000; dette Talet maa hava voret framsett

i ein tidlegare Strid; og me minnast inkje grant, um

Saki daa var heilt igjenom den same som no. Men

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!