25.07.2013 Views

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 3 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Skrifter i Samling III

skal det vera,» sagde dei ogso. Men som dette var

nokot nytt og uvant, so vakte det ogso eit forfælande

Staak paa Motsida; det var eit Forfang, som kravde

ein ny Strid; det var eit Ovmod, som inkje skulde

tolast. Og difyre komo daa dei store Avisorna setjande

med all sin Herbunad, den eine fyre og den

andre etter, og alle so samhugade, som um den eine

hadde lært av den andre. No hadde eg tenkt, at det

vilde koma ymse Talsmenner fyre Norsken og giva

eit Motsvar til alle dei store Ordi, som no vaaro

framsette; eg ventade, at det skulde koma no strakst

etter Jolafreden, um inkje fyrr; eg hever vaktat og

ventat lika til denne Tid, og det er inkje fritt fyre,

at eg hever voret nokot gretten fyre det, at dei skulde

vera so tagalle og lata hine segja alt kvat dei vilde.

Vonlega tenkja dei so, at det hever voret sagt nog

fyre deim, som vilde tenkja etter det, og at det er

faafengt at bera Ljos fyre den, som inkje vil sjaa.

Men det er ogso paatenkjande, at det er ein stor

Hop, som trur paa den, som talar tidaste, og gløymer

den, som talar sjeldan; og difyre er det so, at

ein Leigomann i eit Dagblad hever ei stor Magt,

anten han er kunnig elder ukunnig. Difyre tenkjer

eg no, at vil inkje nokon annan, so vil eg, um eg

endaa maa kjennast ved, at andre vilde hava gjort

det myket betr en eg. For det var illa, at so mange

store Ord skulde verda for snart avgløymde, naar

det var nokot Sanning i deim; og me vita, kor det

gjeng med dei store Avisom, naar dei verda nokre

Dagar gamle; eg hever havt myki Møda med at finna

dei Stykki, som eg helst vilde hava: men so hever

eg daa funnet eit Nummer elder tvau, som innehalda

riklega nog til at røda um. No vil eg taka det so,

at eg deildar Stykki deira i ymse Rødor 1 elder Talar

1 Røda er her brukt i den rette gamle Tydingi: ein Tale elder

eit Stykke av ein Tale. I den gamle Boki, som heiter Kongs-

Spegelen, er ogso Samtalen avdeild i Rødor.

137

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!